Marshalsea
Marshalsea var eit fengsel som låg i Southwark i London, like sør for Themsen. Det er blitt verdskjend som gjeldsfengsel gjennom Charles Dickens sin roman Little Dorrit. Fengselet eksisterte allereie under Edvard vedkjennaren, men blei avskaffa i 1849.
Marshalsea | |||
| |||
Marshalsea 51°30′06″N 0°05′32″W / 51.5018°N 0.0921°W |
---|
Marshalsea husa mange ulike fangar, mellom anna menn skulda for oppvigleri og Offences at Sea (kriminelle handlingar i internasjonalt farvatn). Det blei særleg kjent for å husa dei fattigaste av dei som var i gjeld i London.[1] Over halvparten av dei som sat i fengsel i England på 1700-talet var fengsla på grunn av gjeld.[2]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Marshalsea» frå Wikipedia på svensk og «Marshalsea» frå Wikipedia på engelsk, den 3. desember 2022.
- Wikipedia på svensk oppgav desse kjeldene:
- Marshalsea i Nordisk familjebok (2:a upplagan, 1912)
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Tambling, Jeremy (2009). «New Prisons, New Criminals, New Masculinity: Dickens and Reade». I Lauterbach, Frank; Alber, Jan. Stones of Law, Bricks of Shame: Narrating Imprisonment in the Victorian Age. Toronto: University of Toronto Press.
- White, Jerry (2009). "Pain and Degradation in Georgian London: Life in the Marshalsea Prison", History Workshop Journal, 68(1), Autumn, pp. 69–98. doi:10.1093/hwj/dbp011 JSTOR 40646165
- White, Jerry (2012). London in the Eighteenth Century: A Great and Monstrous Thing. London: Random House.