Marskmaursmett

art av sporvefuglar

Marskmaursmett, Stymphalornis acutirostris, er ein mellomstor maursmett i den biologiske familien Thamnophilidae. Han er monotypisk i slekta Stymphalornis, men det er framlegg om å flytte han inn i slekta Formicivora.

Marskmaursmett
Marskmaursmett
Marskmaursmett
Utbreiing og status
Status i verda: NT Nær trugaUtbreiinga av marskmaursmett
Utbreiinga av marskmaursmett
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Maurfuglar Thamnophilidae
Slekt: Formicivora
Art: Marskmaursmett F. acutirostris
Vitskapleg namn
Formicivora acutirostris

Dette er ein mørk fugl på ca. 13,5 centimeter. Han er mørk brun på oversida og mørk blygrå under. Han har kvitflekker berre på kantar av vengefjør og halefjør. Hofuglen er lysare med kvitaktig underside med mørke flekker.

Han er endemisk for marsker og myrer i dei brasilianske delstatane Paraná og Santa Catarina.

Nyleg er det oppdaga eit nærskyldt takson nær São Paulo; kjent som São Paulo-maursmett. Skildring av taksonet er ikkje avslutta. (2011) Biletet viser ein hannfugl.
Foto: Dario Sanches

Kjelder

endre

Referansar

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Marskmaursmett