Kors kyrkje ligg på Monge, ved Marstein i Romsdalen i Rauma kommune. Kyrkja vart bygd i 1797 på Flatmark i Romsdalen, og seinare, i 1902, flytt til Monge. Ho er kyrkje i Medalen sokn.

Kors kyrkje
kyrkje
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Møre
Prosti Indre Romsdal
Stad Monge i Romsdalen
Teknikk tømra
Material tre
Innvigd 1797
 - Endringar flytta 1902, restaurert i 1964
Skip Korskyrkje
Kyrkjegard ligg ved kyrkja, eldre kyrkjegard på Flatmark
Sitjeplassar 120[1]
Diverse Kyrkja vart flytt frå Flatmark til Monge i 1902
Kart
Kors kyrkje
62°26′17″N 7°50′59″E / 62.438°N 7.8498°E / 62.438; 7.8498
Wikimedia Commons: Kors kirke

Kyrkja har eit ytre omriss som ei krosskyrkje og er bygd i lafta tømmer. Ho ligg idylisk til mellom stupbratte fjell i Romsdalen. Hovedvegen går rett på utsida av kyrkjegardsmuren.

Den tidlegaste kyrkja i Romsdalen var nemnt første gong i 1498, på garden Foss, og vart i 1670 flytt til Flatmark. Denne kyrkja stod fram til 1797, då ei ny korskyrkje vart bygd på Flatmark. Kyrkja på Flatmark vart og kalla «Flata kirkja» og soknet «Flata sokn» i følgje Helland.[2] Dette var kyrkjestaden heilt fram til kyrkja i 1902 vart flytt til der ho står i dag, på Monge. Kyrkjegarden på Flatmark med steingjerde rundt og enkelte gravminner står framleis. Hovudvegen gjennom Romsdalen, som også var Nord-Gudbrandsdalens veg til havet og marknaden på Devold, gjekk langs kyrkjemuren til 1869 då vegen vart flytta til dagens trase ved elva.[3] Den store ura og fossen tett ved den gamle kyrkjestaden på Flatmark heiter fortsatt Kjerkjeura og Kjerkjefossen. Etter omlegging av vegen nedanfor Flatmark vart kyrkja skjult av den store steinura. Dessuten var bygget for lite og var i dårleg stand,[4][5] den nye, større kyrkja på Monge vart oppført i same fasong som den gamle på Flatmark,[6] i følgje Helland.

Grunnen til at kyrkja vart flytt frå Flatmark var at ein Kongeleg resolusjon av 23. mars 1901 delte Kors sokn i to, til Medalen og Øverdalen. Øverdalen er øvst i dalen (Romsdalen), medan medalen, er midt i dalen. Øverdalen kapell vart oppført samtidig som Kors kyrkje vart flytta til Monge.

Namnet kjem i følgje Helland av at kyrkja var via den heilage krossen.[7]

Interiøret endre

Altertavla er frå 1769, skåre i tre av Jakob Klukstad.

Kjelder endre

  • Thaule, John Ove; Ubostad, Ingar; Pedersen, Bjørn. 1990. Kyrkjene våre i Ei bok om Rauma, Rauma Kommune. s 207-210
  1. http://www.kirkesok.no/kirker/Kors-kirke lese på nett 5.januar 2013
  2. Helland, Amund (1911): Topografisk-statistisk beskrivelse over Romsdals amt. Annen del. Oslo: Aschehoug, s.686.
  3. Statens Vegvesen (2001): Vegminner i Møre og Romsdal fylke. Molde.
  4. Foto av kyrkja på Flatmark hjå DigitaltMuseum lese på nett 29.jan 2013.
  5. Knud Knudsens foto av det som truleg er kyrkja på Flatmark lese på nett 29.jan 2013
  6. bilete frå 1906 rett etter flyttinga, "fra kroningsreisen", viser ei kvitmåla Kors kyrkje, lese på nett 29.1.13.
  7. Helland, Amund (1911): Topografisk-statistisk beskrivelse over Romsdals amt. Annen del. Oslo: Aschehoug, s.686.

Bakgrunnsstoff endre

  • Kors kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren