Opna hovudmenyen

Koordinatar: 57°53′8.0376″N 11°34′54.556″E

Marstrands byvåpen
Marstrandsön sett frå Koön

Marstrand er den minste byen i Bohuslän i Sverige, og er frå 1971 ein del av Kungälv kommune.

Han er i dag ein idyllisk trehusby som blir vitja av mange turistar og sommargjester kvar sommar, og fleire regattaer går føre seg her. Nærleiken til Göteborg batar han, og mange av innbyggjarane arbeidspendlar dit.

SogeEndra

Marstrand blei grunnlagt av kong Håkon Håkonsson på 1200-talet. Marstrand fekk byprivilegium i 1442 og var norsk til 1658.

Han har oftast levd godt av fiskeri, skipsfrakt og handel, men i tider med manglande sild har økonomien gått dårlegare. Marstrand har òg vore ramma av krig fleire gonger, under både norsk-dansk og svensk tid. Dei tradisjonelle næringane gjekk attende på 1800-talet. Samstundes blei byen ein populær badestad, som fekk ekstra høg status etter at kong Oscar II byrja vitje han årleg.

Då allmenn samferdsel i moderne tid flytta frå sjøen til landevegen hamna byen uhjelpeleg i ei bakevje: Han er ein av svært få som ikkje har noko eige omland.

Byen har vore forskansa frå gammalt av, og etter at han hadde blitt svensk blei Karlstens festning bygd, som også tena som landsfengsel. I dag er ho den største turistattraksjonen i Marstrand.

BakgrunnsstoffEndra