Marta Schumann
Marta Schumann, fødd Marta Myklebust, (fødd 4. februar 1919 i Valldal i Norddal kommune, død 24. april 1994 i Molde) var ein norsk forfattar. Ho debuterte med romanen Korset under Skuggefjellet som femtiåring i 1969.
Marta Schumann | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 4. februar 1919 |
Død |
24. april 1994 (75 år) |
Yrke | lyrikar, skribent, science fiction-forfattar |
Debutromanen var fyrste del av ein historisk romantriologi der Jomfru Maria på Sæbostad og Femja utgjorde dei to andre delane.[1]
Før ho vart forfattar arbeidde ho i mange år i Televerket.
Prisar og utmerkingar
endre- 1970 – Sunnmørsprisen
- 1981 – Gyldendals legat
- 1983 – Kulturprisen for Møre og Romsdal
Bøker
endre- 1992 – Sky fuglar
- 1989 – Utbrot
- 1989 – Tynn hinne
- 1983 – Våge å tenkje
- 1980 – Fotfolk
- 1977 – Kristi sine søner
- 1973 – Femja
- 1971 – Jomfru Maria på Sæbostad
- 1969 – Korset under Skuggefjellet
Referansar
endre- ↑ Herman Berthelsen, red. (1987). «Schumann, Marta». Hvem er hvem i norsk kulturliv?. Oslo: Dreyer. s. 371. ISBN 820910426-8.