Adelheid Fanny Martha Stettler (25. september 187016. desember 1945) var ein sveitsisk målar og gravør.[1] Ho var med på å skipa kunstskulen Académie de la Grande Chaumière, og var medstyrar av skulen frå 1909 til 1945.

Martha Stettler
Fødd 25. september 1870
Bern
Død

16. desember 1945
Châtillon

Sjanger portrett
Yrke kunstmålar

Martha Stettler var fødd i Bern. Far hennar, Eugen Stettler, var ein arkitekt som gav henne ei tidleg innføring i teikning.[2] I 1893, etter å ha studert kunst i Bern og Genève, drog ho til Paris, der ho studerte ved Académie Julian. Ho hadde Luc-Olivier Merson som lærar frå 1893 til 1898 og Lucien Simon i 1899.[3]

Dans le Jardin du Luxembourg av Martha Stettler
Fex Gletscher av Martha Stettler

Académie de la Grande Chaumière, som Stettler var med på å skipa i 1904, hadde opphav i ei gruppe kunststudentar. Lucien Simon, Antoine Bourdelle og Émile-René Ménard var nokre tidlege lærarar ved skulen. Stettler og Alice Dannenberg leia skulen frå 1909 til 1945.[4]

Stettler byrja å stilla ut ved Parissalongen i 1897. Ho stilte også ut ved Salon des Indépendants, Salon des Tuileries ogthe salongen til Société Nationale des Beaux-Arts.[1] Ho vann ein medalje for verk stilt ut ved verdsutstillinga i Brussel i 1910, og bidrog med eit måleri til den sveitsiske paviljongen ved Venezia-biennalen i 1920.[3]

Stettler måla mellom anna fleire utandørsscener av leikande barn i Jardin du Luxembourg og Jardin des Tuileries, i tillegg til interiørbilde, stilleben, landskap, portrett og dyrestudiar. Etter 1920 flytta ho til den parisiske forstaden Fontenay-aux-Roses, og produserte mindre kunst. Stettler døydde 16. desember 1945 i Châtillon i Hauts-de-Seine nær Paris. I 1946 heldt Kunsthalle Bern ei minneutstilling av arbeidet hennar. Stettler sine verk finst ved Kunstmuseum Winterthur, Kunstmuseum Bern, the Musée d'Art et d'Histoire i Genève , Musée du Luxembourg i Paris og Galleria Nazionale d'Arte Moderna i Roma.[4]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 «Stettler, Martha or Marthe». Benezit Dictionary of Artists 13. Paris: Gründ. 2006. s. 337. ISBN 2-7000-3070-2. 
  2. Ceyssac, Béatrice Micheli (1995). Le Paris des Suisses. Paris: Différence. s. 72. 
  3. 3,0 3,1 Sotzek, Corinne (2014). «Stettler, Martha». Dictionnaire hIstorique de la Suisse. Henta 26 March 2016. 
  4. 4,0 4,1 Bhattacharya, Tapan (1998). «Stettler, Adelheid Fanny Martha». SIKART: Dizionario sull'arte in Svizzera. Swiss Institute for Art Research. Henta 27 March 2016. 

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Martha Stettler