Mary Hamilton
Mary Hamilton» eller «The Fower Maries Song | ||
Sjanger | Child-ballade | |
Låtskrivar(ar) | Anonym |
---|
«Mary Hamilton,» eller «The Fower Maries» («The Four Marys»), er ein kjend 1500-talsballade frå Skottland basert på ei tilsynelatande oppdikta hending om ei hoffdame for ei dronning av Skottland. I folkeviseregistera er han Child-ballade 173 og Roud 79.
I alle versjonar av songen er Mary Hamilton ei hoffdame for dronninga av Skottland, men kva for ei dronning det er snakk om er ikkje nemnt. Ho vert gjort gravid av ektemannen til dronninga, kongen av Skottland, og føder barnet hans. Mary tar livet av spedbarnet - i somme versjonar kastar ho barnet på sjøen[1] eller druknar det, og i andre set ho det ut i kulden. Brotsverket vert sett og ho vert dømd. Balladen fortel om Mary sine tankar om livet sitt medan ho ventar på dødsdomen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Mary Hamilton» frå Wikipedia på engelsk, den 13. oktober 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ University of California, Fresno. «Mary Hamilton [Child 173]». Folklore ballads. Henta 14. februar 2012.
Bakgrunnsstoff
endre- Mary Hamilton i forskjellige variantar