Opna hovudmenyen

Massimo Ambrosini

italiensk fotballspelar

Massimo Ambrosini (fødd 29. mai 1977) er ein tidlegare italiensk fotballspelar frå Pesaro som vann meisterligaen to gongar med AC Milan. Den taklingssterke midtbanespelaren deltok i 35 landskampar på Italia sitt landslag og vann EM-sølv i 2000.

Massimo Ambrosini
Ambro.jpg
Fødd 29. mai 1977
Pesaro
Yrke fotballspelar
Massimo Ambrosini på Commons

KarriereEndra

 
Massimo Ambrosini

KlubbspelEndra

Ambrosini debuterte i Serie B med Cesena hausten 1994. Allereie sommaren 1995 vart han overført til AC Milan og var dei neste 18 år knytt til klubben, utanom 1996/97-sesongen då han spelte på Vicenza. Med Milan vart han seriemeister tre gongar og vann den nasjonale cupen i 2003. Same året sikra han seg sin fyrste meisterliga-triumf med klubben, ein prestasjon han gjentok i 2007. I mellomtida opplevde han frå benken at laget tapte finalen i Meisterligaen 2005, ein dramatisk kamp der Milan leia 3-0 før Liverpool FC kom tilbake og vann etter straffeskyting. Han spelte sesongen 2013/14 på Fiorentina, la deretter opp.

LandslagsspelEndra

Ambrosini debuterte på landslaget våren 1999. Han var innbytar i EM-finalen 2000, der Italia tapte på såkalla «golden goal» etter ordinær tid var ute. Åtte år seinare var han med i EM i fotball 2008, og spelte sin 35. og siste landskamp då Italia i kvartfinalen rauk ut or meisterskapen etter straffeskyting mot Spania. Han skåra aldri på landslaget.

KjelderEndra