Meisterligaen 2003
Meisterligaen 2003 var den 11. årgangen av den viktigaste turneringa for europeiske fotballklubbar; UEFA Champions League. Den italienske klubben AC Milan vann turneringa den 28. mai 2003 på Old Trafford i Manchester då laget, etter 120 mållause minuttar, skåra på tre av fem straffespark i den avgjerande straffetevlinga mot Juventus, eit anna italiensk lag som einast fekk to nettkjenningar på fem forsøk. 63 215 tilskodarar var til staden på tribunane.
Finalelaga
endreMilan: Dida, Alessandro Costacurta, Alessandro Nesta, Paolo Maldini, Kakhaber Kaladze, Gennaro Gattuso, Andrea Pirlo, Clarence Seedorf, Rui Costa, Andrej Sjevtsjenko og Filippo Inzaghi. Frå midt i andre omgang kom etter tur Roque Júnior, Serginho Santos og til sist Massimo Ambrosini inn i staden for høvesvis Costacurta, Pirlo og Costa.
Juventus: Gianluigi Buffon, Lilian Thuram, Ciro Ferrara, Igor Tudor, Paolo Montero, Mauro Camoranesi, Alessio Tacchinardi, Edgar Davids, Gianluca Zambrotta, David Trézéguet og Alessandro Del Piero. Alessandro Birindelli tok plassen til Tudor i 42. minutt og Antonio Conte kom inn i pausen, då Camoranesi gjekk ut. I det 65. minutt kom Marcelo Zalayeta inn, då Edgar Davids tok plass på benken.
Markus Merk frå Tyskland dømde kampen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «UEFA Champions League 2002/03» frå Wikipedia på tysk, den 31. mai 2016.