Matrjosjka (òg skrive matruska eller matrusjka; etter russisk 'матрёшка') er i russisk tradisjon ei hol, dekorativt måla tredokke. Dokkene kan delast i to, og inni kvar dokke er det ei mindre, liknande dokke. Matrjosjkaene er typiske suvenirartiklar i Russland. Ordet матрёшка er i russisk eit kjælenamn for kvinner, avleia av latin mater, mor.

Prinsippet med matrusjkadokker

Tradisjonen kom til Russland frå Japan på slutten av 1800-talet. Her vart den japanske tradisjonen kombinert med russisk handverkstradisjon – russiske handverkarar hadde hundreårig tradisjon med å måle påskeegg av tre. Den første kjende matrjoskja-målaren var Sergej Maljutin. Han teikna ei skisse og bad tredreiaren Vasilij Zvjozdotsjkin om å lage eit sett dokker. Den ytste vart måla som ei vaksen bondejente, systrene hennar vart stadig yngre – den inste var berre eit spedbarn.

Med verdsutstillinga i Paris i 1900 vart dokkene kjende i vesten, og dei vart snart populære.

Frå slutten av 1980-åra vart det det òg produsert satiriske matrjosjkadokker, gjerne slik at den russiske presidenten var måla ytst, og tidlegare statsleiarar følgde på – den minste var gjerne Lenin.

Matrjosjka-dokker er gjerne skorne i lindeved.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Matrjosjka