Matt Rollings

amerikansk komponist og musikkprodusent

Matt Rollings (f. 1964 ) er ein USA-amerikansk musikar og plateprodusent. Han speler piano, orgel og klaverinstrument.

Matt Rollings

Matt på turne med Mark Knopfler ved O2 World i Berlin i 2010
Fødd1964 (60 år)
FødestadBridgeport
OpphavUSA
Aktiv1986 til i dag
SjangerJazz, country, rock
Instrumentpiano og andre klaverinstrument
Tilknytte artistarLyle Lovett, Mark Knopfler
PlateselskapMCA
Verka sommusikar, plateprodusent

Han er hovudsakleg kjend som musikar i Lyle Lovett's Large Band, og har arbeidd med mange artistar, ikkje berre country, som Billy Joel, Clint Black, Mary Chapin Carpenter, Larry Carlton, Kathy Mattea, Mark Knopfler, Reba McEntire, Suzy Bogguss, Mark Schultz, Beth Nielsen Chapman, Martin Taylor og Richie Sambora.

Rollings gav ut jazzalbumet Balconies i 1990 på MCA Masters med John Pattituci og Carlos Vega.

Matt Rollings var med på verdsturneen til Mark Knopfler i 2004-2005 etter Shangri-La som klaverspelar, og turnerte med han igjen i 2008.[1]

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre