Mattis Hætta
Mattis Hætta, kjend som Simona Máhtte på nordsamisk, (15. mars 1959–9. november 2022) var ein samisk songar, joikar og skodespelar. Han var aktiv under demonstrasjonane mot Alta-utbyggingen i 1979 og vart landskjend då han vann Melodi Grand Prix 1980 saman med Sverre Kjelsberg og songen «Sámiid ædnan». Songen vart nummer 16 av 19 i den internasjonale finalen same året.[1]
Mattis Hætta | |||
Mattis Hætta og Sverre Kjelsberg | |||
Fødd | 15. mars 1959 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Masi | ||
Død | 9. november 2022 (63 år) | ||
Alias | Simona Máhtte | ||
Opphav | Noreg | ||
Sjanger | joik | ||
Instrument | vokal | ||
Verka som | songar |
Han var utdanna lærar ved Alta lærerhøgskole frå 1983 til 1986, og var aktiv i kulturlivet i Kautokeino. Hætta hadde og engasjement innan pantomime og joik ved Lule Stassteater i Luleå.
Som skodespelar jobba Hætta mellom anna med Beaivváš Sámi Našunálateáhter og i tv-serien Hjerterått i 2013.
Utgjevingar
endre- Sámiid ædnan/Detsikavise (MAI EP, 1980)
- Låla (MAI LP, 1981)
- Samefolkets land med Ole Ivars frå albumet På cruise og tvers
Kjelder
endre- ↑ Pedersen, Bernt Erik (2. mai 2014). «En joik tar aldri slutt». Dagsavisen (på norsk). Henta 1. august 2017.
- Denne artikkelen bygger på «Mattis Hætta» frå Wikipedia på bokmål, den 10. november 2022.