Matusevichbreen
Matusevichbreen er den største breutløparen i Oates Land og strekkjer seg over 440 km med eit areal på kring 19 500 km². Breen drenerer den austlege delen av Lazarev Mountains, og nordlege og vestlege delar av Wilson Hills.
Matusevichbreen | |||
isbre | |||
Bilete av Matusevichbreen.
| |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Oates Land | ||
- koordinatar | 69°20′S 157°27′E / 69.333°S 157.450°E | ||
Lengd | 440 km | ||
Areal | 19 500 km² | ||
Type | breutløpar | ||
Munning | Sørishavet | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Matusevichbreen 69°20′00″S 157°27′00″E / 69.3333°S 157.45°E | |||
Geografi
endreIsbreen flyt mot kysten av Aust-Antarktis, og pressar seg gjennom ein dal mellom Lazarev Mountains og nordvestenden av Wilson terrain.[1] Breen har mange bresprekker i denne kanalen, og på andre sida av dalen spreiar han seg utover medan han flyt ut i havet. Havbølgjene får den tynnare isen til å bryte opp. Matusevichbreen drenerer ikkje store ismengder frå Antarktis, så tilbaketrekking og framrykkinga av denne breen er ikkje så viktig globalt sett.[1] Men som med andre brear i Antarktis hjelper Matusevichbreen glasiologar til å forstå det større biletet om korleis isdekket på Antarktis endrar seg.
Matusevich bretunge
endreMatusevich bretunge er ei bretunge som er kring 18 nautiske mil (33 km) lang og som strekkjer seg breitt utover frå Matusevichbreen. «Magga Dan», fartøyet nytta av ANARE (Australian National Antarctic Research Expeditions) leia av Phillip Law, segla rundt denne tunga den 21. februar 1959.
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Matusevich Glacier» frå Wikipedia på engelsk, den 3. januar 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Matusevich Glacier» (innhald frå Geographic Names Information System).
- ↑ 1,0 1,1 «Matusevichbreen». NASA.