Mauricio Pellegrino

argentinsk fotballspelar

Mauricio Andrés Pellegrino Luna (fødd 5. oktober 1971) er ein argentinsk fotballtrenar og tidlegare -spelar. Han var midtstoppar med stor suksess i argentinske Vélez Sarsfield og spanske Valencia CF.

Mauricio Pellegrino

Southampton FC versus FC Augsburg (35540045903) (cropped).jpg

Statsborgarskap Argentina
Fødd 5. oktober 1971 (49 år)
Leones
Idrett fotball

KarriereEndra

KlubbspelEndra

Pellegrino spelte på Vélez Sarsfield frå 1990 til -98. Med klubben frå utkanten av Buenos Aires var han med om å vinne Copa Libertadores i 1994 og fire nasjonale seriemeisterskap. Sesongen 1998/99 vart han spansk seriemeister med FC Barcelona. Frå 1999 til 2004 danna han og landsmannen Roberto Ayala eit solid midtstoppar-par i Valencia CF. Både i 2000 og 2001 tok laget seg til finalen i Meisterligaen. Begge finalane enda med tap, den siste då Pellegrino som sistemann for Valencia missa i straffeskytinga etter ein mållaus kamp. Derimot sigra Valencia og Pellegrino i La Liga 2002 og 2004 og i UEFA-cupen 2004. Han avslutta si tid som aktiv i Liverpool FC og deretter Alavés i 2005-06.

LandslagsspelEndra

Pellegrino spelte einast tre landskampar for Argentina, alle i Copa América 1997.

KjelderEndra