«Mother» Maybelle Carter (10. mai 1909 som Maybelle Addington23. oktober 1978) var ein USA-amerikansk countrymusikar og opphavet til «Carter scratch-stilen» på gitar.[1] Ho er mest kjend som opphavleg medlem i Carter Family i 1920- til 1940-åra, og som medlem av The Carter Sisters and Mother Maybelle.[2]

Maybelle Carter

I 1960-åra
Fødd10. mai 1909(1909-05-10)
FødestadNickelsville i Virginia i USA
Død23. oktober 1978 (69 år)
DødsstadHendersonville i Tennessee i USA
FødenamnMaybelle Addington
OpphavUSA
Aktiv1927–1978
SjangerCountry folk, gospel, americana
InstrumentGitar «1928 Gibson L-5», Gibson L-1 banjo, autoharpe
PlateselskapTop Rank
Verka somsongar, banjospelar, gitarist, låtskrivar, plateartist
MorMargaret Elizabeth Addington
FarHugh Jackson Addington, Sr.
Gift medEzra Carter
BornHelen Carter, June Carter Cash, Anita Carter
PrisarVirginia Women in History

13. mars 1926 gifta Maybell seg med Ezra Carter, og i 1927 skipa ho Carter Family i lag med svogeren A.P. Carter, som var gift med syskenbarnet hennar, Sara, som òg var med i trioen. Carter Family var eit av dei første kommersielt suksessrike countrygruppene. I lag med mannen fekk ho tre døtrer, Helen, June og Anita.[2]

Carter spelte autoharpe og banjo, og ho var gitaristen i gruppa. Ho skapte ein unik stil for gruppa med ein nyskapande gitarstil som har fått namnet Carter Family-plukking, der ho brukte tommelen til å spele melodi på bassen og mellomstrengane, og peikefingeren til å fylle ut rytmen.[2] Frå 1950-åra og utover vart ho populært kalla «Mother Maybelle» og fungerte som ein matriark i countrymiljøet, trass i at ho på det tidspunktet berre var i 40-åra. Maybelle og døtrene turnerte frå 1940- og gjennom 1960-åra som «The Carter Sisters and Mother Maybelle», men etter A.P. Carter døydde i 1960, tok gruppa attende namnet «The Carter Family», som ofte turnerte i lag med Johnny Cash, som vart svigersonen hennar i 1968.

Maybelle Carter spelte stundom solo i 1960- og 1970-åra. Den siste plata hennar kom ut i 1973, då ho var 64 år, og nådde høgt på Billboard countrylista. Maybelle deltok òg på The Nitty Gritty Dirt Band-plata Will the Circle Be Unbroken.

Maybelle Carter døydde i 1978 etter nokre år med dårleg helse, og vart gravlagd ved sidan av mannen sin, Ezra, i Hendersonville Memory Gardens i Hendersonville i Tennessee.

Delvis diskografi

endre

Singlar

endre
År Tittel Listeplassering Selskap & Album
1960 Gold Watch & Chain (med Liberty Dance) _ Top Rank (Mother Maybelle Carter: Briar 101)
1961 Wildwood Flower (med Liberty Dance) _ Briar (Mother Maybelle Carter: Briar 101)
1963 Suns Gonna Shine in My Backdoor Someday (med Bells of St. Mary's) _ Briar (Mother Maybelle Carter: Briar 101)
1964 Strumming My Guitaro (med Sail Away Ladies) _ Smash; berre singel
1966 I Told Them What You're Fighting For (med San Antonio Rose) 97 Columbia (A Living Legend)
1974 Picture on the Wall (med Sweet Memories by Anita Carter) _ Columbia (The Carter Family: Three Generations)

Album

endre
År Album US Country Selskap Merknad
1961 Mother Maybelle Carter _ Briar Redigert og gjeve ut av Kapp (1962) som Queen of the Autoharp
1962 Mother Maybelle Carter & her Autoharp Plays Famous Folk Songs _ Smash med Stephen Scott Singers
1963 Pickin' & Singin' _ Smash
1965 Mother Maybelle Carter Sings Carter Family Favorites _ Cumberland etikett på Mercury Records
1966 A Living Legend _ Columbia
1966 An Historic Reunion _ Columbia med Sara Carter
1973 Mother Maybelle Carter 44 Columbia dobbeltalbum
1960-åra Mother Maybelle Carter ig Dixie Darling _ Ambassador and Mountain Dew Desse to albuma, som har nesten same innhald, er begge nyutgjevingar av songar for Mercury
1976 Mother Maybelle Carter _ Pickwick/Hilltop Nyutgjevingar av Mercury/Smash/Cumberland-songar frå tidlegare album
1997 Wildwood Pickin' _ Vanguard Inneheld konsertopptakopptak frå Newport Folk Festivalar

Gjestesinglar

endre
År Tittels, elskap og artist Listeplassering Merknad
1936 Why There's a Tear in my Eye (Bluebird) Jimmy Rodgers & Sara Carter (innspelt 1931) speler gitar
1937 Wonderful City (Bluebird) Jimmy Rodgers & Sara Carter (innspelt 1931) speler gitar
1956 Go Away with Me (Decca) Wilburn Brothers 6 speler autoharpe
1957 Nothing at All (Decca) Wilburn Brothers _ speler autoharpe
1962 T For Texas (Monument) Grandpa Jones 5 speler autoharpe; vokalist; med Helen Carter gitar & vokal
1973 Pick the Wildwood Flower (med Diamonds in the Rough) Johnny Cash med Maybelle Carter 34 speler gitar med dialog på A-sida; speler gitar og vokalduett på B-sida

Gjestealbum

endre
År Albumtittel & artist Listeplassering Selskap Merknad
1956 Softly and Tenderly (Carl Smith med the Carter Sisters & Mother Maybelle) _ Columbia
1957 Sunday Down South (Carl Smith) _ Columbia Oppført som studiomusikar; speler autoharpe
1961 Songs of the Famous Carter Family (Flatt & Scruggs) _ Columbia Oppført som «Featuring Mother Maybelle Carter»; speler autoharpe på alle songar, gitar på ein song
1962 Carefree Moments (Wilburn Brothers) _ Vocalion Musikar (autoharpe) på ein song
1963 Ring of fire: Best of Johnny Cash (Johnny Cash) 1 Columbia Musikar (autoharpe); Carter Family vokal; gullplate
1963 Christmas Spirit (Johnny Cash) 7 (holiday albums) Columbia Musikar (autoharpe)
1963 Blood, Sweat & Tears (Johnny Cash) 13 Columbia Musikar (autoharpe); Carter Family vokal
1963 Yodeling Hits (Grandpa Jones) _ Monument Musikar (autoharpe); Helen Carter gitar & vokal av begge
1964 Old Time Music at Newport (Recorded Live at the Newport Folk Festival 1963) ymse artistar _ Vanguard Syng og speler «Storms are on the Ocean»
1964 I Walk the Line (Johnny Cash) 1 Columbia Carter Family vokal; selde til gullplate
1964 Bitter Tears (Johnny Cash) 2 Columbia Carter Family vokal
1964 Ballads of the True West (Johnny Cash) 1 Columbia Musikar (autoharpe); Carter Family vokal
1966 Everybody Loves a Nut (Johnny Cash) 5 Columbia Carter Family vokal
1966 Happiness is You (Johnny Cash) 10 Columbia Musikar (autoharpe); Carter Family vokal
1970 Hello I'm Johnny Cash (Johnny Cash) 1 Columbia Carter Family vokal; selde til gullplate
1970 On the Road (Johnny Horton) - Columbia Carter Family med vokal på somme spor
1972 Thing Called Love (Johnny Cash) 2 Columbia Carter Family vokal
1972 Will the Circle be Unbroken (Nitty Gritty Dirt Band og andre) 4 United Artists Mother Maybelle Carter; syng og speler på fire songar, selde til platinaplate
1972 Any Old Way the Wind Blows (Johnny Cash) 5 Columbia Carter Family vokal
1972 Land of Many Churches (Merle Haggard) 15 Capitol Carter Family vokal
1974 Junkie & the Juicehead Minus Me (Johnny Cash) 48 Columbia Carter Family vokal
1975 Country Boots (Boots Randolph) 30 Monument Musikar (autoharpe); Helen Carter gitar & vokal av både (med Anita Carter) på to songar
1977 Last Gunfighter Ballad (Johnny Cash) 29 Columbia Carter Family vokal

Kjelder

endre
  • Denne artikkelen bygger på «Maybelle Carter» frå Wikipedia på engelsk, den 24. oktober 2020.
  • Wolfe, Charles. (1998). «Carter Family». In The Encyclopedia of Country Music. Paul Kingsbury, Editor. New York: Oxford University Press. pp. 84–85.
  • Zwonitzer, Mark with Charles Hirshberg. (2002). Will You Miss Me When I'm Gone?: The Carter Family and Their Legacy in American Music. New York: Simon & Schuster.
  1. Olson, Ted. «Carter, Maybelle (1909–1978)». Encyclopedia Virginia. Henta 24. oktober 2020. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Zwonitzer, Mark; Hirshberg, Charles (2004). Will You Miss Me When I'm Gone?: The Carter Family & Their Legacy in American Music. Simon & Schuster. ISBN 0-7432-4382-X.