Will the Circle be Unbroken av Nitty Gritty Dirt Band
Will the Circle be Unbroken Studioalbum av Nitty Gritty Dirt Band | ||
Utgjeve | 1972 | |
Innspelt | August 1971 | |
Sjanger | Countryfolk, bluegrass | |
Lengd | 1:45:55 | |
Selskap | United Artists | |
Produsent | William McEuen | |
Nitty Gritty Dirt Band-kronologi | ||
---|---|---|
All the Good Times (1971) |
Will the Circle be Unbroken | Stars & Stripes Forever (1974)
|
Will the Circle be Unbroken er det sjette studioalbumet til Nitty Gritty Dirt Band, og vart spelt inn som eit samarbeid med mange kjende bluegrass- og countryartistar, som Roy Acuff, «Mother» Maybelle Carter, Doc Watson, Earl Scruggs, Randy Scruggs, Merle Travis, Pete «Oswald» Kirby, Norman Blake, Jimmy Martin og andre. Det introduserte felespelaren Vassar Clements for eit større publikum. Albumet vart gjeve ut som eit tredobbelt album.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Christgau's Record Guide | A–[2] |
Historie
endreAlbumtittelen kom frå ein song av Ada R. Habershon (omarrangert av A.P. Carter) og syner korleis Nitty Gritty Dirt Band prøvde å knyte saman to generasjonar av musikarar. Nitty Gritty Dirt Band var eit ungt countryrockband som såg ut som hippiear. Acuff skildra dei som «ein gjeng langhåra vestkystgutar.» Dei andre musikarane var langt eldre og meir kjende frå 1940- til 1960-åra, hovudsakleg artistar innan tradisjonell country og bluegrass. Mange hadde blitt kjend for generasjonen sin gjennom Grand Ole Opry. Men då rock-and-roll vart populært og den kommersielle, glatte countrystilen kalla «Nashville Sound», og etter kvart som musikksmaken til folk endra seg, var populariteten til desse gamle countryartistane dalande. Acuff var i starten forakteleg til prosjektet, men snudde etter kvart og deltok på prosjektet.[3]
Kvart spor på albumet vart spelt inn på første eller andre forsøk og rett på eit tospors masterlydband, slik at opptaka vart rå og uhandsama. I tillegg gjekk eit anna lydband kontinuerleg gjennom heile den vekes lange innspelinga og fanga dialogen mellom musikarane. På det endelege albumet kan høyre korleis musikarane diskuterer korleis dei skal spele songen eller kvar dei skal kome inn på song.
Plata inkluderer det første møtet mellom Doc Watson og Merle Travis, som Watson kalla opp sonen, Merle, etter. Bill Monroe, som var seksti år gammal på denne tida, nekta å delta på innspelingane.[4]
Albumet kom opphavleg ut i 1972 på tre LP-plater og tre kassettar. I 2002 vart det ommastra og gjeve ut på to CD-plater. Det originale albumet selte til platinaplate i USA den 6. november 1997, som indikerte eit sal på 500 000 eksemplar.[5]
Mange år seinare spelte Nitty Gritty Dirt Band inn to album til, Will the Circle Be Unbroken: Volume Two og Will the Circle Be Unbroken, Volume III, i eit forsøk på å gjenskape suksessen med andre historisk, viktige musikarar. Volume Two vann prisen for årets album av Country Music Association i 1989 og det vann tre Grammyprisar.
Innhald
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Songar | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «Grand Ole Opry Song» | Hylo Brown | Jimmy Martin | 2:59 |
2. | «Keep on the Sunny Side» | A.P. Carter, Gary Garett | Maybelle Carter | 3:35 |
3. | «Nashville Blues» | Earl Scruggs | instrumental | 3:10 |
4. | «You Are My Flower» | A.P. Carter | kor | 3:35 |
5. | «The Precious Jewel» | Roy Acuff | Roy Acuff | 3:30 |
6. | «Dark as a Dungeon» | Merle Travis | Merle Travis | 2:45 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Songar | Lengd |
---|---|---|---|---|
7. | «Tennessee Stud» | Jimmie Driftwood | Doc Watson | 4:22 |
8. | «Black Mountain Rag» | Tradisjonell, tileigna Thomas Magness på albumet | instrumental | 2:10 |
9. | «Wreck on the Highway» | Dorsey Dixon | Roy Acuff | 3:24 |
10. | «The End of the World» | Fred Rose | instrumental | 3:53 |
11. | «I Saw the Light» | Hank Williams | Roy Acuff | 3:45 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Songar | Lengd |
---|---|---|---|---|
12. | «Sunny Side of the Mountain» | Byron Gregory, Harry McAuliffe | Jimmy Martin | 2:23 |
13. | «Nine Pound Hammer» | Merle Travis | Merle Travis | 2:14 |
14. | «Losin' You (Might Be the Best Thing Yet)» | Edria A. Humphrey, Jimmy Martin | Jimmy Martin | 2:44 |
15. | «Honky Tonkin'» | Hank Williams | Jimmie Fadden | 2:19 |
16. | «You Don't Know My Mind» | Jimmie Skinner | Jimmy Martin | 2:45 |
17. | «My Walkin' Shoes» | Jimmy Martin, Paul Williams | Jimmy Martin | 2:02 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Songar | Lengd |
---|---|---|---|---|
18. | «Lonesome Fiddle Blues» | Vassar Clements | instrumental | 2:41 |
19. | «Cannonball Rag» | Merle Travis | instrumental | 1:15 |
20. | «Avalanche» | Millie Clements | instrumental | 2:50 |
21. | «Flint Hill Special» | Earl Scruggs | instrumental | 2:12 |
22. | «Togary Mountain» | Walter McEuen | instrumental | 2:25 |
23. | «Earl's Breakdown» | Earl Scruggs | instrumental | 2:34 |
24. | «Orange Blossom Special» | Ervin T. Rouse | instrumental | 2:14 |
25. | «Wabash Cannonball» | A.P. Carter | instrumental | 2:00 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Songar | Lengd |
---|---|---|---|---|
26. | «Lost Highway» | Leon Payne | Jim Ibbotson | 3:37 |
27. | «Doc Watson & Merle Travis First Meeting (Dialogue)» | - | dialog | 1:52 |
28. | «Way Downtown» | tradisjonell, arr. Doc Watson | Doc Watson | 3:30 |
29. | «Down Yonder» | tradisjonell, arr. Doc Watson | instrumental | 1:48 |
30. | «Pins and Needles (In My Heart)» | Floyd Jenkins | Ray Acuff | 2:53 |
31. | «Honky Tonk Blues» | Hank Williams | Jeff Hanna | 2:22 |
32. | «Sailin' on to Hawaii» | Beecher Kirby | instrumental | 2:00 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Songar | Lengd |
---|---|---|---|---|
33. | «I'm Thinking Tonight of My Blue Eyes» | A.P. Carter | Maybelle Carter | 4:25 |
34. | «I am a Pilgrim» | Trad. | Merle Travis | 2:55 |
35. | «Wildwood Flower» | A.P. Carter | Maybelle Carter | 3:34 |
36. | «Soldier's Joy» | John McEuen, Earl Scruggs | instrumental | 2:05 |
37. | «Will the Circle Be Unbroken» | A.P. Carter | Maybelle Carter (1. og 4. vers), Jimmy Martin (2. vers), Roy Acuff (3. vers) | 4:50 |
38. | «Both Sides Now» | Joni Mitchell | instrumental | 2:19 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
39. | «Foggy Mountain Breakdown» | Earl Scruggs | 2:39 |
40. | «Warming Up for «The Opry»» | 2:43 | |
41. | «Sunny Side» | 4:06 | |
42. | «Remember Me» | Scotty Wiseman | 1:32 |
Medverkande
endre- Jimmy Martin - solovokal og gitar (1, 12, 14, 16, 17, 24, 37), korvokal (11)
- John McEuen - banjo (1, 3-5, 7, 8, 12-14, 16-18, 20, 22, 24, 26, 28-30, 37), mandolin (2, 6, 11, 33), gitar (31), Uncle Dave Macon's Banjo (36)
- Vassar Clements - fele (1, 3, 5, 7-9, 11-12, 14-18, 20-24, 26, 28-31, 33, 37), sologitar (15)
- Les Thompson - mandolin (1, 5, 8, 9, 12, 14-18, 20-24, 26, 28-30, 35), korvokal (1, 2, 4, 6, 11-13, 17, 33, 37)
- Roy «Junior» Huskey - ståbass (1-17, 19-23, 25-35, 37)
- Jeff Hanna - solovokal (31), korvokal (1, 2, 4, 6, 7, 11-13, 16, 17, 28, 33, 37), vaksebrett (3, 18, 20, 29), gitar (15), trommer (26)
- Gary Scruggs - korvokal (1, 2, 12, 16-17, 37), gitar (21)
- Jim Ibbotson - solovokal (26) korvokal (1, 2, 6, 11, 13, 33, 37), skarptromme (4, 12-14, 17, 21, 23-24, 30, 34), gitar (7-8, 18, 20, 22, 26, 28-29, 35), trommer (15-16, 31)
- Ray Martin - korvokal (1, 12, 16, 17, 37)
- Mother Maybelle Carter - solovokal (2, 33, 35, 37), gitar (2, 33), autoharpe (35, 37)
- Doc Watson - solovokal (7, 28), sologitar (8, 29), gitar (2, 7, 10, 11, 25, 28, 32, 37), korvokal (2, 37)
- Pete «Oswald» Kirby - dobro (2, 5, 9-11, 25, 30, 32, 33, 37)
- Earl Scruggs - solobanjo (3, 21, 23, 36), banjo (2, 11, 33, 37), gitar (4, 5, 9, 10, 25, 30, 32, 35)
- Randy Scruggs - autoharpe (2, 5, 11), gitar (3-4, 18, 23, 24, 38), korvokal (4, 33, 37)
- Merle Travis - solovokal (6, 13, 34), gitar (6, 13, 19, 33, 34), korvokal (2)
- Jimmie Fadden - solovokal (15), munnspel (3, 5-9, 11-14, 16-18, 20-21, 25, 28-30, 34, 37), autoharpe (4)
- Norman Blake- dobro (3, 4, 15, 21, 22, 26, 31)
- Roy Acuff - solovokal (5, 9, 11, 30, 37)
- Ellis Padgett - bass (18, 24)
- Timmy Martin, Betty Travis, Fred Cross, Gloria Belle, Louise Scruggs, Steve Scruggs, Chet Flippo, Martha Flippo, Larry Murray, Mike Carr, Alice McEuen - korvokal (37)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Will the Circle be Unbroken (Nitty Gritty Dirt Band album)» frå Wikipedia på engelsk, den 24. oktober 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Allmusic review
- ↑ Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: N». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 8. mars 2019 – via robertchristgau.com.
- ↑ Burns, Ken (2019). Country Music (Television documentary). USA: PBS.
- ↑ Jack Hurst, «Bill Monroe: From Refined Oil to Slick Music,» in The Bill Monroe Reader (ed. Tom Ewing, University of Illinois, 2000), 102.
- ↑ «American album salstrofé – Nitty Gritty Band – Will the Circle Be Unbroken». Recording Industry Association of America. If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH