Mazar-e-Quaid (مزار قائد), også kjend som Jinnah-mausoleet eller Nasjonalmausoleet i Pakistan, er eit gravmonument i Karachi. Det huser leivningane etter Quaid-e-Azam ('den store leiaren') Muhammad Ali Jinnah, grunnleggjaren av Pakistan. Det omfattar også grava til Jinnah si syster Fatima Jinnah, også kalla Māder-e Millat eller 'mor til nasjonen', og Liaquat Ali Khan, den første statsministeren av Pakistan.

Mazar-e-Quaid
مزار قائد

StadKarachi i Sindh i Pakistan
ArkitektYahya Merchant
Opna2. juni 1970
Kart
Mazar-e-Quaid
24°52′31″N 67°02′27″E / 24.875277777778°N 67.040833333333°E / 24.875277777778; 67.040833333333

Mausoleet blei utforma i 1960-åra i ein modernistisk stil inspirert av eldre muslimsk arkitektur. Det stod ferdi i 1970, og er blitt eit symbol på Karachi. Mausoleet er eit av dei mest vitja turistmåla i Karachi.[1]

Arkitektur endre

 
Utforminga av Mazar-e-Quaid blei inspirert av Samanidemausolet i Bukhara i Usbekistan.

Mausoleumsbygningen blei utforma av arkitekten Yahya Merchant.[2] Han er bygd av kvit marmor med kurva mauriske bogar og kopargitter på ein opphøga plattform som er 54 kvadratmeter stor.[3] Det er 43 meter høgt. Kvar vegg har ein inngang.

Mausoleet ligg i ein 53 hektar stor park. Femten fontener leier fram til plattformen frå ei side; på dei andre sider går terrasserte avenyar til portane. Inne i bygningen heng ei grønfarga lysekrone med fire etasjar gjeve i gåve frå Folkerepublikken Kina.[4] Mausoleet blir lyst opp om natta av lyskastarar.[5][6]

Inne i gravkomplekset ligg tre graver på ei rekkje og ei anna i nord. Den nordlege grava, som er dekorert med svart blomemønster, tilhøyrer Fatima Jinnah. Av dei andre tre gravene tilhøyrer den nordlegaste Liaquat Ali Khan, den første statsministeren av Pakistan. I midten er Nurul Amin, ein visepresident av Pakistan, gravlagd. I den sørlegaste ligg sardar Abdur Rab Nishtar. Jinnah er gravlagd ei ein eigen sarkofag. Alle gravstadene er laga av italiensk kvit marmor.

Tyding endre

Det blir halde offisielle og militære seremoniar her ved spesielle høve, som 23. mars (Pakistan Day), 14. august (den pakistanske sjølvstededagen), 11. september (dagen Jinnah døydde) og 25. desember (fødselsdagen til Jinnah). Høgståande representantar frå andre land vitjer også mausoleet ved offisielle vitjingar.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. http://www.tourism.gov.pk/karachi_sindh.html, Mazar-e-Quaid on Pakistan Tourism Development Corporation website, Retrieved 8 April 2016
  2. Martyris, Nina (17. juni 2005). «A Jinnah mausoleum in Mumbai?». The Times of India. Arkivert frå originalen 11. august 2011. Henta 26. mars 2012. 
  3. http://www.cybercity-online.net/Pakistan/html/shrines_tombs___mosques_in_pak.html Shrines & Tombs in Pakistan, Henta 8. april 2016
  4. http://www.tourism.gov.pk/karachi_sindh.html, henta 8. april 2016
  5. «Archived copy». Arkivert frå originalen 15 September 2010. Henta 27. september 2010. , henta 8. april 2016
  6. https://web.archive.org/web/20170821175749/http://www.3dillumination.com/blog/2017/08/16/14th-august-70th-independence-day-mazar-e-quaid-gift-nation/

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Mazar-e-Quaid