Mazyar Keshvari

norsk politikar

Mazyar Keshvari (fødd 5. mars 1981) er ein norsk, straffedømt politikar frå Oslo som representerte FramstegspartietStortinget frå 2013 til 2018.

Mazyar Keshvari

Fødd5. mars 1981 (43 år)
Teheran
Statsborgar avNoreg
PartiFramstegspartiet (oktober 2019)
Yrkepolitikar, domfelt
Utdanna vedHandelshøyskolen BI
Alle verv
  • vararepresentant til Stortinget (2005–2009)
  • stortingsrepresentant (fast møtande vararepresentant, 2013–2017)
  • vararepresentant til Stortinget (2009–2013)
  • vararepresentant til Stortinget (2013–2017)
  • vararepresentant til Stortinget (2017–2021)
  • stortingsrepresentant (fast møtande vararepresentant, 2017–2019)
  • stortingsrepresentant (fast møtande vararepresentant, 2019–2020) Sjå dette på Wikidata

Keshvari er fødd i Teheran, kom til Noreg i 1986. Han utdanna seg ved Handelshøyskolen BI. Frå 2005 til- 06 var han byrådssekretær i Oslo, frå 2006 rådgjevar til stortingsgruppa åt Framstegspartiet. I perioden 2007-15 var han bystyremedlem i Oslo.

Siv Jensen vart statsråd i Solberg-regjeringa i oktober 2013, rykte Keshvari inn på Stortinget i eigenskap av å vere fyrste vararepresentant frå Oslo. Perioden 2013-17 hadde han sete i Kommunal og forvaltningskomiteen. I 2017 vart han vald til leiar i Oslo Fremskrittsparti. Han heldt fram som stortingsrepresentant, då som medlem i Kontroll- og konstitusjonskomiteen. Oktober 2018 vart det avslørt at Keshvari hadde levert ei mengde fiktive reiserekningar til Stortinget. Han sjukmelde seg og vart permittert frå Stortinget, møtte ikkje sidan. Samstundes sa han frå seg leiarvervet i partiet sitt lokallag.

I 2019 tilstod Keshvari i Oslo tingrett grovt bedrageri av ikring 450 000 kroner, melde seg elles ut av Framstegspartiet. Han vart dømt til sju månader i fengsel, ein dom Høgsterett i oktober 2020 endra til 11 månader. I desember 2020 vart han dømt til fire månader i fengsel for våpentruslar i ei anna sak.

Kjelder endre