Mbabane

Mbabane er hovudstaden i Eswatini. Folketalet til byen er 70 000 (2003). Han ligg ved Mbabane-elva og sideelva Polinjane i Mdimba-fjella. Han er òg administrasjonssenter for Hhohho-distriktet.

Mbabane
by
City overview.jpg
Land Flag of Eswatini.svg Eswatini
Map
Mbabane
26°19′15″ S 31°9′42″ E
Wikimedia Commons: Mbabane

Byen voks fram etter at Esawtini sitt administrasjonssenter vart flytta frå Manzini i 1902. Han er òg eit kommersielt sentrum for regionen. Det vert drive gruvedrift av tinn og jarn ikkje langt unna.

Den gjennomsnittlege årstemperaturen er 15 °C i juli og 22 °C i januar.

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedium som gjeld: Mbabane
  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.