McGuinn, Clark & Hillman
McGuinn, Clark & Hillman Studioalbum av McGuinn, Clark & Hillman | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1979 | |
Sjanger | Countryrock, softrock, disco | |
Lengd | 38:44 | |
Selskap | Capitol Records | |
Produsent | Howard Albert, Ron Albert | |
Gene Clark-kronologi | ||
---|---|---|
Two Sides to Every Story (1977) |
McGuinn, Clark & Hillman | City (1980)
|
McGuinn, Clark & Hillman er eit studioalbum frå 1979 av Roger McGuinn, Gene Clark og Chris Hillman, som alle tidlegare var med i det originale The Byrds.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Robert Christgau | C[2] |
Bakgrunn
endreDei tre musikarane var alle på turné i Storbritannia med kvar sine band, då dei ved eit høve delte scene. Kort tid etter dei kom attende til USA byrja Clark og McGuinn å spele i lag som ein akustisk duo. Etter at Hillman slo seg saman med dei tidlegare bandkollegaene sine, skipa dei ein trio og fekk kontrakt med Capitol Records.[3] Albumet vart produsert av The Albert Brothers (som nyleg hadde produsert Crosby, Stills & Nash sitt comebackalbum frå 1977). Clark skreiv fire songar for albumet, inkludert «Backstage Pass», «Release Me Girl» (eit disco-aktig samarbeid med Thomas Jefferson Kaye), den UFO-inspirerte «Feelin' Higher» og «Little Mama».[4]
Mange kritikarar kritiserte den glatte produksjonen og den disco-aktige softrockstilen. Albumet selde likevel godt og nådde 39. plassen på Billboard 200 og McGuinn-songen «Don't You Write Her Off» vart gjeven ut på singel og nådde 33. plassen i mai 1979. Albumet selde til gullplate, som var nok til at bandet ønskte å spele inn ein oppfølgjar.[5]
Innhald
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Long Long Time» | Chris Hillman, Rick Roberts | 3:06 |
2. | «Little Mama» | Gene Clark | 4:13 |
3. | «Don't You Write Her Off» | Roger McGuinn, Robert James Hippard | 3:13 |
4. | «Surrender To Me» | Rick Vito | 3:33 |
5. | «Backstage Pass» | Gene Clark | 4:22 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
6. | «Stopping Traffic» | Chris Hillman, Peter Knobler | 3:13 |
7. | «Feelin' Higher» | Gene Clark, Terri Messina | 5:18 |
8. | «Sad Boy» | Chris Hillman | 4:20 |
9. | «Release Me Girl» | Gene Clark, Thomas Jefferson Kaye | 3:52 |
10. | «Bye Bye, Baby» | Roger McGuinn, Robert James Hippard | 3:54 |
Medverkande
endre- Roger McGuinn - gitar, vokal
- Gene Clark - gitar, vokal
- Chris Hillman - bass, gitar vokal
- George Terry - akustisk og elektrisk gitar, piano
- Greg Thomas - trommer
- Paul Harris - klaverinstrument
- Joe Lala - perkusjon
- John Sambataro - gitar, korvokal
- Charles Chalmers, Sandra Chalmers, Donna Rhodes - korvokal
- Mike Lewis - blåsar- og strykararrangement
Produksjon
endre- Produsent: Howard Albert, Rob Albert
- Lydteknikar og miksing: Don Gehman
- Assisterande lydteknikar: Kevin Ryan
- Kunstnarisk leiar: Roy Kohara
- Fotografi: Jim McCrary
- Notat i omslaget: Stephen K. Peeples
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Gene Clark» frå Wikipedia på engelsk, den 7. januar 2019.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Ruhlmann, William. McGuinn, Clark & Hillman på Allmusic
- ↑ Robert Christgau. «McGuinn, Clark & Hillman». Henta 7. januar 2019.
- ↑ Rogan, Johnny (2008). The Byrds: Timeless Flight Revisited The Sequel. London England: Rogan House. s. 382. ISBN 0-95295-401-X.
- ↑ Rogan, Johnny (2008). The Byrds: Timeless Flight Revisited The Sequel. London England: Rogan House. s. 385–387. ISBN 0-95295-401-X.
- ↑ «McGuinn, Clark & Hillman – Chart history». Billboard. May 12, 1979. Henta 7. januar 2019.