CSN av Crosby, Stills & Nash
CSN Studioalbum av Crosby, Stills & Nash | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 17. juni 1977 | |
Innspelt | 1976–1977 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 43:50 | |
Selskap | Atlantic | |
Produsent | David Crosby, Stephen Stills og Graham Nash med Ron og Howard Albert | |
Crosby, Stills & Nash-kronologi | ||
---|---|---|
So Far (1974) |
CSN | Replay (1980)
|
Singlar frå CSN | ||
|
CSN er det tredje studioalbumet til Crosby, Stills & Nash, gjeve ut på Atlantic Records i 1977. Det var det første sidan debutalbumet deira utan Neil Young. Albumet nådde andreplassen på Billboard Top Pop Albums-lista. To av singlane frå albumet, Nash sin «Just a Song Before I Go» og Stills sin «Fair Game» nådde høvesvis sjuande og 43. plassen på Billboard Hot 100. Albumet har seld til firedobbelt platinaplate i USA.[4]
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Rolling Stone | [2] |
Robert Christgau | (D+)[3] |
Innhald
endreI tida mellom turneen deira våren og sommaren 1970 for å marknadsføre Déjà Vu og dette albumet, hadde Crosby, Stills og Nash berre fullført eit prosjekt i lag, ein turné i lag med Neil Young i 1974. David Crosby og Graham Nash hadde spelt inn tre album som duo, og Crosby hadde gjeve ut eit soloalbum (i tillegg til eit album med The Byrds) og Nash hadde gjeve ut to album. Stephen Stills hadde gjeve ut fire soloalbum og drive sitt eige band, Manassas, som gav ut to album. I tillegg hadde han turnert og gjeve ut eit album med Neil Young, som i seg sjølv nesten vart eit CSNY-prosjekt.
CSN bestod av originale songar av alle tre medlemmane og det var siste gongen på 17 år at bandet skreiv songar og song all vokal sjølv, utanom større hjelp frå utsida.
Mange av songane til Stills omhandla ekteskapsproblema hans[5] og «Dark Star» nytta latinamerikanske rytmar han hadde brukt heilt attande til Buffalo Springfield-tida. Crosby fortsette med songar om eksistensielle tema, slik han ofte hadde gjort før, og Nash kom med både den radiovenlege, akustiske balladen «Just a Song Before I Go» og eit utførleg stykke som prøvde å gjenskape ei LSD-oppleving han hadde hatt i Winchesterkatedralen med «Cathedral».[5]
Innhald
endreSide ein
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Solovokal | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «Shadow Captain» | Crosby, Stills & Nash | 4:32 | |
2. | «See the Changes» | Stephen Stills | Stills med Crosby & Nash | 2:56 |
3. | «Carried Away» | Graham Nash | Nash med Crosby | 2:29 |
4. | «Fair Game» | Stephen Stills | Stills med Crosby & Nash | 3:30 |
5. | «Anything at All» | David Crosby | Crosby | 3:01 |
6. | «Cathedral» | Graham Nash | Nash med Crosby | 5:15 |
Side to
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Solovokal | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «Dark Star» | Stephen Stills | Stills | 4:43 |
2. | «Just a Song Before I Go» | Graham Nash | Nash | 2:12 |
3. | «Run from Tears» | Stephen Stills | Stills | 4:09 |
4. | «Cold Rain» | Graham Nash | Nash | 2:32 |
5. | «In My Dreams» | David Crosby | Crosby | 5:10 |
6. | «I Give You Give Blind» | Stephen Stills | Stills med Crosby & Nash | 3:21 |
Medverkande
endre- David Crosby – vokal; rytmegitar på «Fair Game» og «Dark Star»; akustisk gitar på «Just A Song Before I Go» og «In My Dreams»; strykearrangement på «Cathedral» og «Cold Rain»
- Stephen Stills – vokal; gitar på alle spor utanom «Carried Away,» «Cathedral» og «Cold Rain» elektrisk piano på «Anything at All»; piano, strykearrangement på «I Give You Give Blind»; timbales på «Fair Game»
- Graham Nash – vokal; piano på «Carried Away,» «Cathedral,» «Just A Song Before I Go,» og «Cold Rain»; munnspel på «Carried Away»; strykearrangement på «Cathedral» og «Cold Rain»
Andre medverkande
endre- Joe Vitale – trommer på «Carried Away,» «Fair Game,» «Cathedral,» «Dark Star,» «Run From Tears» og «I Give You Give Blind»; orgel på «Shadow Captain,» «Fair Game,» «Anything at All,» «Dark Star»; elektrisk piano på «Carried Away,» «Just A Song Before I Go»; perkusjon på «Cathedral,» «I Give You Give Blind»; fløyte på «Shadow Captain»; pauke på «Cathedral»; vibrafon på «In My Dreams»
- Craig Doerge – piano på «Shadow Captain» og «Anything at All»; elektrisk piano på «Shadow Captain» og «Dark Star»
- Mike Finnigan – orgel på «Run From Tears»
- George «Chocolate» Perry – bass på «Shadow Captain,» «Fair Game,» «Anything at All», «Cathedral,» «Dark Star,» og «I Give You Give Blind»
- Jimmy Haslip – bass på «Carried Away»
- Tim Drummond – bass på «Just A Song Before I Go»
- Gerald Johnson – bass på «Run From Tears»
- Russ Kunkel – trommer på «Shadow Captain» «Anything at All,» «Just A Song Before I Go,» og «In My Dreams»; congatrommer på «Shadow Captain» «Dark Star»; perkusjon på «Just A Song Before I Go»
- Ray Barretto – congatrommer på «Fair Game»
- Mike Lewis – strykearrangement på «Cathedral,» «Cold Rain,» og «I Give You Give Blind»
- Joel Bernstein – strykearrangement på «Cathedral»
Produksjon
endre- Crosby, Stills & Nash – produsentar
- Howard Albert, Ron Albert – medprodusentar, lydteknikarar
- Steve Gursky – assisterande lydteknikar
- Joel Bernstein – fotografi
- Gary Burden – kunstnarisk leiar, design
- Joe Gastwirt – digital remastering
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «CSN (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 13. januar 2019.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Newsom, Jim (2011). «CSN – Crosby, Stills & Nash | AllMusic». allmusic.com. Henta 19. juli 2011.
- ↑ Herbst, Peter (2011). «Crosby, Stills and Nash: CSN : Music Reviews : Rolling Stone». web.archive.org. Arkivert frå originalen 14. februar 2009. Henta 19. juli 2011.
- ↑ Robert Christgau review
- ↑ RIAA Gold and Platinum Database henta 13. januar 2019
- ↑ 5,0 5,1 arkivkopi, arkivert frå originalen 31. mai 2017, henta 13. januar 2019