Two Sides to Every Story
Two Sides to Every Story Studioalbum av Gene Clark | ||
Utgjeve | Januar 1977 | |
Innspelt | 1976 | |
Studio | Fidelity Recording Studio i Hollywood i California | |
Sjanger | Countryrock | |
Lengd | 43:58 | |
Selskap | RSO | |
Produsent | Thomas Jefferson Kaye | |
Gene Clark-kronologi | ||
---|---|---|
No Other (1974) |
Two Sides to Every Story | McGuinn, Clark & Hillman (1979)
|
Two Sides to Every Story er eit studioalbum frå 1977 av den amerikanske songar-låtskrivaren Gene Clark. Albumet var det første Clark gav ut sidan No Other i 1974. Dei mest kjende songane på albumet er «In the Pines» (tradisjonell), «Kansas City Southern» og «Hear the Wind», begge skrivne av Clark, og «Give My Love to Marie», ein song skriven av James Talley som fortel soga om ein døyande kolgruvearbeidar.
Albumet vart produsert av Thomas Jefferson Kaye. Blant musikarane på albumet finn ein Jeff Baxter, Emmylou Harris, Byron Berline, Al Perkins og John Hartford.
Mottaking
endreMeldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
American Songwriter | [2] |
Glide Magazine | [3] |
MusicHound | [4] |
Popdose | (positiv)[5] |
Record Collector | [6] |
Uncut | [7] |
Wondering Sound | [8] |
Musikkritikaren Matthew Greenwald skreiv for Allmusic at «materialet er ujamt, særleg når Clark prøver å rocke på. Men musa til Clark hjelper han til stadig sjølv under pinlege forhold, og Two Sides har fleire glimrande augneblink. Sjølv om dette er langt unna eit meisterverk er det likevel tydeleg arbeid frå ein meisterleg songar og låtskrivar, og dei beste augneblinka her er rett og slett magiske.»[1] Hal Horowitz i American Songwriter skreiv «Det er lågmælt, men likevel herleg direkte som stundom rockar og syner den deilige underdrivne vokalen til Clark.»[2]
Nyutgjeving
endreTidleg i 2013 kom albumet ut med nymastra lyd på vinyl. Utgåva kom med eit kort for nedlasting av bonusspor. Våren 2014 kom den same utgåva ut på CD.[9]
Innhald
endreAlle songar av Gene Clark; utanom der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Home Run King» | 2:57 | |
2. | «Lonely Saturday» | 4:04 | |
3. | «In the Pines» | Trad. arr. Gene Clark | 4:22 |
4. | «Kansas City Southern» | 4:38 | |
5. | «Give My Love to Marie» | James Talley | 6:05 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
6. | «Sister Moon» | 5:06 | |
7. | «Marylou» | Obie Jessie, Sam Ling | 3:31 |
8. | «Hear the Wind» | 3:06 | |
9. | «Past Addresses» | 5:22 | |
10. | «Silent Crusade» | 4:12 |
Medverkande
endre- Gene Clark - gitar, vokal
- Jeff Baxter - gitar
- Doug Dillard - banjo
- Byron Berline - fele
- Jim Fielder - bass
- Mike Utley - klaverinstrument
- Jerry McGee - gitar
- Al Perkins - gitar
- Sammy Creason - trommer
- John Hartford - korvokal
- Emmylou Harris - korvokal
- Steven Soles - korvokal
- Thomas Jefferson Kaye - korvokal
- Daniel Moore - korvokal
- Matthew Moore - korvokal
- Pepper Watkins - korvokal
- David Campbell - strykearrangement
Produksjon
endre- Produsent: Thomas Jefferson Kaye
- Leiande produsent: Gary Legon
- Lydteknikar: Joel Soifer
- Kunstnarisk leiar: Ed Caraeff
- Fotografi: Ed Caraeff
- Design: David Larkham
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Two Sides to Every Story» frå Wikipedia på engelsk, den 7. januar 2019.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Greenwald, Matthew. Two Sides to Every Story på Allmusic
- ↑ 2,0 2,1 Horowitz, Hal (15. november 2011). «Short Takes: Gene Clark, Carole King, Mott The Hoople and More». American Songwriter. Henta 7. januar 2019.[daud lenkje]
- ↑ Collette, Doug (9. desember 2014). «Gene Clark – Two Sides to Every Story – Deluxe Edition (Album Review)». Glide Magazine. Henta 7. januar 2019.
- ↑ Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. p. 186. ISBN 1-57859-061-2.
- ↑ Ross, Rob (17. desember 2014). «CD Review: Gene Clark, 'Two Sides To Every Story' (deluxe edition)». Popdose. Henta 7. januar 2019.
- ↑ Houghton, Mike (November 2014). «Gene Clark – Two Sides to Every Story». Record Collector. Henta 7. januar 2019.
- ↑ Torn, Luke (November 2014). «Gene Clark Two Sides to Every Story». Uncut. s. 104.
- ↑ Gehr, Richard (18. november 2014). «Gene Clark Two Sides to Every Story». Wondering Sound. Arkivert frå originalen 21. juni 2016. Henta 7. januar 2019.
- ↑ «main - High Moon Records». highmoonrecords.com.