McKinnonbreen
McKinnonbreen er ein isbre som flyt søraust frå Nemesisbreen til Beaver Lake aust i Aramis Range i Prince Charles Mountains. Området vart først vitja under ANARE (Australian National Antarctic Research Expeditions) i 1956 og kartlagt frå flyfotografi. Han vart namngjeven av Australian Antarctic Names and Medals Committee (ANCA) etter G.W. McKinnon som var geografioffiser i Antarctic Division i Melbourne, og øvstkommanderande for ANARE-gruppa som kartla Prince Charles Mountains i 1969.
McKinnonbreen | |||
isbre | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Mac. Robertson Land | ||
- koordinatar | 70°38′S 67°45′E / 70.633°S 67.750°E | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
McKinnonbreen 70°38′00″S 67°45′00″E / 70.6333°S 67.75°E | |||
Kjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «McKinnon Glacier» (innhald frå Geographic Names Information System).