Mefalsim (hebraisk skrift מְפַלְּסִים, tyder Vegbanarar) er ein kibbutz sør i Israel. Han ligg nær Gazastripa og dekkjer 11 000 mål. Han ligg i Sha'ar HaNegev regionale kommune. I 2012 hadde han 950 innbyggjarar.

Mefalsim
kibbutz
Land  Israel
Region Nord-Negev
Distrikt Det sørlege distriktet
Kommune Sha'ar HaNegev
Koordinatar 31°30′6.83″N 34°33′51.83″E
Folketal 1 038 (2021)[1]
Grunnlagd 1949
 - Grunnlagd av latinamerikanske jødar
Tilhøyrsle Kibbutzrørsla
Kart
Mefalsim
31°30′7″ N 34°33′52″ E
Wikimedia Commons: Mefalsim

Landsbyen vart grunnlagd i 1949 av medlemmar av ungdomsrørsla MAMLT, dei fleste av dei immigrantar frå Argentina og Uruguay.[2] Han vart kalla opp etter immigrantar frå Latin-Amerika som bana veg for andre til å gjere aliyah.

Fjøs og silo i Mefalsim i 1955.

Etter Israel trekte seg ut frå Gaza i 2005, tok Mefalsim i mot somme av familiane som måtte flytte. Sidan 2001 har dusinvis av rakettar skotne opp frå Gazastripa råka landsbyen. Nokre få bygningar er blitt øydelagde, mellom anna ein barnehage (2012).[3]

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre