Mellomhøgtysk

omgrep for dei høgtyske dialektane som var i bruk mellom 1050 og 1350

Mellomhøgtysk (tysk. Mittelhochdeutsch, Mhd.) er tysk slik det vart snakka i ein viss fase av den historiske utviklinga si.

Mellomhøgtysk
Mittelhochdeutsch
Klassifisering indoeuropeisk
 germansk
  vestgermansk
Bruk
Tala i Dei midt- og sør-tyske språkområda
Mellomhøgtysktalande i alt ingen etter ca. 1350
Språkkodar
ISO 639-1
ISO 639-2 gmh
ISO 639-3 gmh

Definisjon

endre

I utvida tyding er mellomhøgtysk eit historisk trinn i utviklinga av det tyske språket som omfattar alle dei høgtyske dialektane som var i bruk mellom 1050 og 1350, dvs. i tid om lag samanfallande med den tyske høgmellomalderen.

Ei snevrare tyding av omgrepet er språket i den tyske høviske diktingahohenstaufaranes tid. På 1800-talet blei det i ettertid konstruert ein einskapleg ortografi for dette språket.

Til skilnad frå «høg» i høgtysk er ikkje «mellom» ei nemning for eit geografisk språkområde, men for det kronologiske utviklingstrinnet etter gammalhøgtysk og før tidleg nyhøgtysk.

Mellomhøgtysk er godt dokumentert både som litteraturspråk og (via litteraturen) som kvardagsspråk. Dei mest kjende dikta høyrer til staufaranes høviske dikting, til dømes Nibelungenlied, den tyske Lucidarius, Parzival av Wolfram von Eschenbach, Tristan av Gottfried von Straßburg og dikta og minnesongane til Walther von der Vogelweide. Den første tyskspråklege kvinnelege diktaren, Ava av Melk, skreiv òg på mellomhøgtysk.

Kronologi

endre

Mellomhøgtysk blir brukt om alle tekstar i høgtysk idiom frå tida mellom om lag 1050 til 1350. På 1050-talet skjedde det ei einskapleg språkleg endring som fonetisk og grammatisk utgjer eit markert skilje mot dei gammalhøgtyske språkvariantane.

Slutten på den mellomhøgtyske perioden er meir omstridt. På 1800-talet brukte språkforskarane nemninga om einskilde tekstar heilt fram til Martin Luthers tid. Dette skiljet var hovudsakleg basert på Grimm-brørne si forståing. I dag blir «mellomhøgtysk» berre brukt om tekstar fram til 1350, og «tidleg nyhøgtysk» om tekstar frå tida rett etter.

Inndelinga i dei mellomhøgtyske epokane er hovudsakleg grunna på litteraturhistoriske, altså språkleg eksterne og innhaldsmessige krieria. Det skjer også endringar i grammatikk, ordtyding og skrivestil som rettferdiggjer denne inndelinga.

  • Tidleg mellomhøgtysk (Frühmittelhochdeutsch, 1050–1170)
  • Klassisk mellomhøgtysk (klassisches Mittelhochdeutsch, 1170–1250)
  • Sein mellomhøgtysk (Spätmittelhochdeutsch, 1250–1350)

Dei fleste framstillingane tek for seg klassisk mellomhøgtysk, dvs. språket til Hartmann von Aue, Wolfram von Eschenbach, Gottfried von Straßburg og Walther von der Vogelweide.

Tekstdøme

endre
Starten på Nibelungenlied I omsetjing til moderne tysk

Uns ist in alten mæren wunders vil geseit
von helden lobebæren, von grôzer arebeit,
von fröuden, hôchgezîten, von weinen und von klagen,
von küener recken strîten muget ir nu wunder hœren sagen.

Ez wuohs in Burgonden ein vil edel magedîn,
daz in allen landen niht schœners mohte sîn,
Kriemhilt geheizen: si wart ein scœne wîp.
dar umbe muosen degene vil verliesen den lîp.

Uns wurde in alten Erzählungen viel Wundersames gesagt
von ruhmreichen Helden, von großem Leid,
von Freuden, Festen, von Weinen und von Klagen,
vom Kampf kühner Recken sollt ihr nun Wunder hören sagen.

Es wuchs in Burgund ein sehr feines Mädchen heran,
dass in allen Ländern kein schöneres sein konnte,
Kriemhild geheißen: Sie wurde eine schöne Frau.
Deswegen mussten viele Kämpfer ihr Leben verlieren.

Bakgrunnsstoff

endre
 

Originaltekst av Mellomhøgtysk ved Wikisource (de).