Melpa
Melpa (også medlpa, hagen, tembagla) er eit transnyguineaspråk i den vestlege delen av høglandet på Papua Ny Guinea.
Melpa Melpa | ||
Klassifisering | Papuaspråk Transnyguineaspråk Melpa | |
Bruk | ||
Tala i | Papua Ny Guinea | |
Språkkodar | ||
ISO 639-3 | med |
Språket er eitt av dei fire største på Ny Guinea, det blir snakka av 130 000 menneske. Det nye testamentet er omsett til melpa. Omtrent alle talarane av melpa snakkar også tok pisin. Mange snakkar også engelsk. Lånord frå begge desse språket er derfor vanlege i melpa.[1]
Melpa er kjend for det binære talsystemet sitt, det vil seie talorda byggjer på eit totalsystem:
Tal | Melpa | struktur |
---|---|---|
1 | tenda | (1) |
2 | ragl | (2) |
3 | ragltika | (2 + 1) |
4 | tembokak | (4) |
5 | pömp tsi gudl | (1 etter 4) |
6 | pömp ragl gudl | (2 etter 4) |
7 | pömp ragltika gudl | (2 + 1 etter 4) |
8 | engak | (8) |
9 | pömp tsi pip | (1 etter 8) |
10 | pömp ragl pip | (2 etter 8) |
Melpa-folket er bønder, sentrale produkt er søtpotet, taro og yams. Til ein viss grad dyrkar dei også kaffi for eksport.[2]
Kjelder endre
- ↑ Melpa Language Project
- ↑ Melpa: Tembagla language - Audio Bible stories and lessons ved globalrecordings.net
Bakgrunnsstoff endre
- Melpa – German – English Dictionary ved Melpa Language Project
- Stucky, Al, Dellene Stucky og John Ruby 1990: Melpa Phonology. SIL
- Organised Phonology Data ved SIL. Fonologi og tekstdøme.
- Stucky, Alfred og Stucky, Dellen: 1995: Melpa verbs and morphophonemics: an interim report. SIL.
Døme endre
- OLAC resources in and about the Melpa language
- Melpaopptak (opptak av bibelforteljingar)