Eit verdsminne er eit unikt dokument eller ei samling i eit arkiv eller i eit bibliotek som er av stor verd som dokumentarisk kulturarv. Verda si dokumentarv er listeført av UNESCO i eit internasjonalt register skipa i 1992.[1]

Omslaget til El primer nueva corónica y buen gobierno, Inka-krøniken, av Felipe Guaman Poma de Ayala. Tilhøyrer Det Kongelige Bibliotek i København. Verket er eit verdsminne frå Danmark.

Føremålet med programmet er å verne og formidle verdifulle dokument i arkiv og bibliotek verda over. Dokumenta speglar eit mangfald av språk, menneske og kulturar og ein del av minna er svært skjøre og risikerer å verte øydelagt for ettertida. Det finst to lister, ei liste over verdsminne og ei liste over truga verdsminne. Programmet sitt hovudmål er å leggje til rette for bevaring av verda si dokumentarv, leggje til rette for universell tilgjenge til dokumentarven, og dessutan å fremje eit verdsomspennande medvit om dokumentarvens eksistens og tyding.

Noreg har per 2014 fem oppføringar på lista over verdsminne; Lepraarkiva i Bergen, arkivet til Thor Heyerdahl, Henrik Ibsen: Et dukkehjem, filmen Roald Amundsens sydpolsferd og Sophus Tromholts fotoarkiv.[2]

Kjelder endre

  1. «Programme Background». UNESCO (på engelsk). Henta 29. november 2014. 
  2. «Memory of the World: Norway». UNESCO (på engelsk). Henta 29. november 2014. 

Bakgrunnsstoff endre