Mynteslekta
Mynteslekta (Mentha) er ei planteslekt i leppeblomfamilien. Ho omfattar fleire artar og hybridar som blir brukt til mat og oljeproduksjon, som engmynte, grønmynte, gråmynte og peparmynte. Desse blir ofte berre kalla mynte.[1]
Mynteslekta | |
Åkermynte, Mentha arvensis | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Leppeblomordenen Lamiales |
Familie: | Leppeblomfamilien Lamiaceae |
Underfamilie: | Nepetoideae |
Stamme: | Mentheae |
Understamme: | Menthinae |
Slekt: | Mynteslekta Mentha L., 1753 |
I tillegg til plantane i mynteslekta finst det også fleire artar i andre slekter som har mynte-namn, slik som bakkemynte, kattemynte og sårmynte.
Artar
endreMynteslekta omfattar 13–25 forskjellige artar. Desse dannar lett hybridar seg imellom, og saman med ulike kultivarar finst det dermed eit utal ulike mynteplantar.
Artar i Noreg
endreArtar registrerte i Noreg:[2][3]
- Åkermynte (M. arvensis), livskraftig (LC)
- Engmynte (M. ×verticillata), livskraftig (LC)
- Temynte (M. ×gentilis), framandart, ingen kjend risiko (NK)
- Tannmynte (M. ×smithiana), framandart, ingen kjend risiko (NK)
- Vassmynte (M. aquatica), nær truga (NT) i Raudlista 2021[4]
- Peparmynte (M. ×piperita), framandart, låg risiko (LO) i Framandartslista 2018[5]
- Grønmynte (M. spicata, syn. M. viridis),[6][7] framandart, låg risiko (LO)[5]
- Mojitomynte (M. ×villosa), framandart, låg risiko (LO)[5]
- Kvassmynte (M. ×villoso-nervata), framandart, ingen kjend risiko (NK)
- Gråmynte (M. longifolia, syn. Mentha silvestris), framandart, låg risiko (LO)[5]
- Ullmynte (M. ×rotundifolia), framandart, låg risiko (LO)[5]
- Rundmynte (M. suaveolens), framandart, låg risiko (LO)[5]
- Kanadamynte (M. canadensis), framandart, einskildfunn, ikkje risikovurdert
- Poleimynte (M. pulegium), framandart, einskildfunn, ikkje risikovurdert
Andre artar
endreLista under inneheld andre artar det er vanleg å rekna med i botanikken i dag. Ingen av desse har normerte norske namn. Engelsk namn står i kursiv etter artsnamnet om ikkje norsk namn er oppgjeve.
- M. asiatica – Asian mint
- M. australis – Australian mint
- M. cervina – Hart's pennyroyal
- M. citrata – bergamot mint, orange mint
- M. crispata – wrinkled-leaf mint
- M. dahurica – Dahurian thyme
- M. diemenica – slender mint
- M. dulcia 'Citreus' - Hillary's Sweet Lemon
- M. laxiflora – forest mint
- M. requienii – Corsican mint
- M. sachalinensis – Sachalin mint[8]
- M. satureioides – native pennyroyal
- M. vagans – gray mint
Andre «mynter»
endreDet finst ei rekkje plantar som har mynte i det norske namnet, men som ikkje høyrer til slekta Mentha:[3]
- Bakkemynteslekta (Acinos)
- Alpemynte (A. alpinus)
- Bakkemynte (A. arvensis)
- Koreamynteslekta (Agastache)
- Koreamynte (A. rugosa)
- Neslekoreamynte (A. urticifolia)
- Kransmynteslekta (Clinopodium)
- Sommarmynte (C. nepeta)
- Kransmynte (C. vulgare)
- Kammynteslekta (Elsholtzia)
- Kammynte (E. ciliata)
- Borremynteslekta (Marrubium)
- Borremynte (M. vulgare)
- Hestemynteslekta (Monarda)
- Hestemynte (M. didyma)
- Røyrhestemynte (M. fistulosa)
- Kattemynteslekta (Nepeta)
- Prydkattemynte (N. ×faassenii)
- Lækjekattemynte (N. cataria)
- Storkattemynte (N. grandiflora)
- Møllekattemynte (N. nuda)
- Hagekattemynte (N. racemosa)
- Sibirkattemynte (N. sibirica)
- Bergmynteslekta (Origanum)
- Bergmynte (O. vulgare)
- Gresk bergmynte eller gresk oregano (O.v. ssp. prismaticum)
- Vill bergmynte eller kung (O.v. ssp. vulgare)
- Bergmynte (O. vulgare)
- Sårmynteslekta (Sideritis)
- Sårmynte (S. montana)
Kjelder
endre- ↑ mynte i Store norske leksikon på snl.no. Henta 14. februar 2009.
- ↑ Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 979–983, 1165.
- ↑ 3,0 3,1 «Artsdatabanken: Namnetre mynteslekta». Artsdatabanken. 2. mars 2023.
- ↑ «Norsk rødliste for arter 2021». Raudlista 2021. Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 2. mars 2023.
- ↑ 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 «Fremmedartslista 2018». Framandartslista 2018. Artsdatabanken. 24. april 2018. Henta 2. mars 2023.
- ↑ USDA GRIN: Mentha cordifolia Opiz ex Fresen.
- ↑ «Mentha spicata, spearmint». RHS Gardening. Royal Horticultural Society.
- ↑ Quattrocchi, Umberto (1999). CRC world dictionary of plant names : common names, scientific names, eponyms, synonyms, and etymology. Boca Raton, FL: CRC Press. s. 1659. ISBN 0849326737.
- Denne artikkelen bygger på «Mynteslekta» frå Wikipedia på bokmål, den 25. juni 2017.
- Denne artikkelen bygger på «Mentha» frå Wikipedia på engelsk, den 25. juni 2017.
Litteratur
endre- Stenberg, Lennart og Mossberg, Bo: Gyldendals store nordiske flora. Gyldendal 2007. ISBN 82-521-6029-8, s. 520-521
- Høeg, Ove Arbo, red.; Christphersen, Anne Sofie Wyller; Faarlund, Torbjørn; Lauritzen, Eva Mæhre; Løkken, Sverre; Røssberg, Bjørn Olav; Salvesen, Per H. og Sævre, Rune (1984): Våre medisinske planter, Det Beste A/S, ISBN 82-7010-156-7, s. 216-217
- Grey-Wilson, Christopher; Blamey, Marjorie (1992): Teknologisk forlags store illustrerte flora for Norge og Nord-Europa, oversatt og tilpasset til norsk av Faarlund, Torbjørn; Sundig, Per. Teknologisk forlag. ISBN 82-512-0355-4, s. 344-345
- Nielsen, Harald; Sivertsen, Bente (1979): Giftplanter, J.W. Cappelens forlag. ISBN 82-02-04225-9, s. 115
Bakgrunnsstoff
endre- (no) mynteslekta hos Artsdatabanken
- (en) mynteslekta i Encyclopedia of Life
- (en) mynteslekta i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) mynteslekta hos Dyntaxa
- (en) mynteslekta hos ITIS
- (en) mynteslekta hos NCBI
- (en) mynteslekta hos The International Plant Names Index
- (en) mynteslekta hos Tropicos
- (en) Kategori:Mentha – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Mentha – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Mentha – detaljert informasjon på Wikispecies