Mercury-Atlas 1
Mercury-Atlas 1 | |
Statistikk | |
---|---|
Rampe: | Launch Complex 14 |
Oppskyting: | 29. juli 1960 13:13 UTC |
Attende til jorda: | 13:16 UTC |
Ferdas tid: | 3 min 18 s |
Lengde reist: | 9.6 km |
Rundar rundt jorda: | 0 (Ballistisk bane) |
Apogeum: | 13 km |
Foto av den rekonstruerte romkapselen Mercury-Atlas 1. | |
Kronologi | |
Førre romferd | Neste romferd |
{{{Førre romferd}}} | {{{Neste romferd}}} |
Mercury-Atlas 1 var ei ubemanna romferd i det amerikanske Mercury-programmet. Meininga var å teste bereraketten med ein ekte romkapsel (Kapselen som vart nytta med Big Joe var berre ein modell) i ei ballistisk bane. Mercury-Atlas 1 vart skoten opp frå Cape Canaveral den 29. juli 1960. Eit minutt etter oppskytinga fekk bereraketten ein strukturell skade og eksploderte. Romkapselen var ikkje utstyrt med noko redningstårn som med ein liten rakett skulle kunne skyte romkapselen trygt vekk. Såleis gjekk både rakett og kapsel tapt i eksplosjonen og styrta i Stillehavet. Restane vart plukka opp og rekonstruert for å studere årsaka til hendinga.
Den delvis rekonstruerte romkapselen er utstilt ved Kansas Cosmosphere and Space Center i Hutchinson i Kansas.
Bakgrunnsstoff
endre- This New Ocean: A History of Project Mercury - NASA SP-4201 Arkivert 2010-06-17 ved Wayback Machine.
- NASA NSSDC Master Catalog Arkivert 2007-10-02 ved Wayback Machine.