Mercy av Madame Monsieur

«Mercy»
Song av Madame Monsieur

Land Frankrike
Språk Fransk
Utgjeve 20. januar 2018
Sjanger Elektropop, fransk pop
Lengd 03:58
Selskap Low Wood, Play Two
Komponist Madame Monsieur
Tekstforfattar Madame Monsieur
Låtskrivar(ar) Émilie Satt og Jean-Karl Lucas
Produsent Émilie Satt og Jean-Karl Lucas

«Mercy» er ein fransk song frå 2018, skriven og framført av den franske duoen Madame Monsieur. Songen vart utgjeven digitalt 20. januar 2018 gjennom plateselskapa Low Wood og Play Two, og songen var hovudsporet på andre albumet til duoen, Vu d'ici, utgjeve i 2018.[1] «Mercy» var det franske bidraget i Eurovision Song Contest 2018 i Lisboa i Portugal.[2]

Bakgrunn endre

«Mercy» er skriven og produsert av Émilie Satt og Jean-Karl Lucas, som saman utgjer duoen Madame Monsieur. Tittelen tyder 'nåde', men peiker eigenleg til ein verkeleg person, ei jente som vart fødd av nigerianske flyktningar om bord på ein båt i Middelhavet.[3][4] Jenta vart døypt Mercy og vart seinare funnen i godt hald på i ein italiensk flyktningleirSicilia.[5] Songen tek dimed for seg den europeiske migrasjonskrisa som har eskalert frå 2015, og som har kosta tusenvis av menneskeliv. I musikkvideoen til songen går menneske rundt i europeiske storbyar, iført redningsvestar og varmefoliar.[6][7][8]

Eurovision Song Contest endre

1. januar 2018 vart Madame Monsieur stadfesta som ein av 18 deltakarar til songtevlinga Destination Eurovision, den franske nasjonale uttakinga til Eurovision Song Contest.[9] «Mercy» gjekk vidare frå semifinalen 20. januar etter toppoeng frå den internasjonale juryen og franske tv-sjåarar.[10][11][12] Songen vann deretter finalen 27. januar, etter å ha kome på tredjeplass hos juryen og ein klår fyrsteplass hos tv-sjåarane.[13]

Etter å ha vunne Destination Eurovision, vart «Mercy» det franske bidrag i Eurovision Song Contest 2018. Songen deltok i finalen laurdag 12. mai i Lisboa i Portugal, der han vart nummer 13 av 26 deltakarar.[14][15]

Listeplasseringar endre

Liste (2018) Høgaste

plassering

   Belgia, Flandern (Ultratip)[16] 36
   Belgia, Vallonia (Ultratop)[17] 10
   Frankrike (SNEP)[18] 29
   Sverige (Sverigetopplistan)[19] 90

Kjelder endre

  1. «Madame Monsieur – Mercy» (på engelsk). Henta 15. april 2018. 
  2. «Destination Lisbon (#2): Meet Madame Monsieur from France - Eurovision Song Contest Lisbon 2018». Henta 15. april 2018. 
  3. Dearden, Lizzie (21. mars 2017). «Woman gives birth to baby girl on refugee rescue boat as charities brace for spring surge». Henta 21. januar 2018. 
  4. Migrants, Info (8. januar 2018). «Mercy, the migrant baby who inspired a song for the Eurovision Song Contest». Henta 21. januar 2018. 
  5. «France: Baby Mercy Has Been Found in an Italian Refugee Camp - Eurovoix». Eurovoix (på engelsk). 21. april 2018. 
  6. Lee Adams, William (1. januar 2018). «Have “Mercy”! Madame Monsieur confirmed for France's Destination Eurovision». 
  7. «RECAP - Destination Eurovision (France 2) : un ancien de The Voice et une chanson "humaniste" en finale». 21. januar 2018. 
  8. «First reaction of Madame Monsieur after winning Destination Eurovision». YouTube. 28. januar 2018. 
  9. Herbert, Emily (29. desember 2017). «France: Malo Confirmed as First Act For Destination Eurovision». Eurovoix. Henta 30. desember 2017. 
  10. Senkishev, Georgi (20. januar 2018). «France: Results of the second semi-final of Destination Eurovision 2018». ESCToday. 
  11. Granger, Anthony (21. januar 2018). «France: Destination Eurovision Viewing Figures Fall By 400,000». 
  12. Tas, Robin (21. januar 2018). «Madame Monsieur wins and joins Malo’ in French Destination Eurovision final». 
  13. Savage, William (27. januar 2018). «Madame Monsieur win Destination Eurovision». EuroVisionary. Henta 27. januar 2018. 
  14. Jordan, Paul (12. januar 2018). «All Aboard for the Semi-Final Allocation Draw». eurovision.tv. Henta 12. januar 2018. 
  15. «France – Eurovision Song Contest». Henta 14. mai 2018. 
  16. «Madame Monsieur - Mercy». Henta 21. mai 2018. 
  17. «Madame Monsieur - Mercy». Henta 21. mai 2018. 
  18. Hung, Steffen. «lescharts.com - Madame Monsieur - Mercy». Henta 21. mai 2018. 
  19. «swedishcharts.com - Madame Monsieur - Mercy». Henta 1. juli 2019.