Meridianbukk
billeart
Meridianbukk | ||
| ||
Systematikk | ||
Rekkje: | Arthropoda | |
Underrekkje: | Hexapoda | |
Klasse: | Insecta | |
Orden: | Coleoptera | |
Familie: | Cerambycidae | |
Slekt: | Stenocorus | |
Vitskapleg namn | ||
Stenocorus meridianus |
Meridianbukk er ei bille i trebukkfamilien. Arten førekjem i Europa nord til Sør-Skandinavia og vest i Sibir, og går hovudsakleg på lauvtre. I Noreg er han truleg tettast knytt til eik, og reknast som sjeldan - berre 4 av totalt 35 funn av arten er gjort etter 1980.
Levesett
endreMeridianbukken legg egga sine i jorda, i staden for direkte i ved. Larvane grev seg fram til vertsmaterialet sitt sjølv, og føretrekk daude og rotne røter. Først gneg dei under borken, seinare gneg dei i veden opp mot stubben.
Dei forpuppar seg oftast i jorda, og utviklingstida er minst to år. Vaksne biller er ofte å finna på blomar.
Kjelder
endre- Norges Biller
- Artsdatabanken Arkivert 2010-07-23 ved Wayback Machine.