Mesta
- For elva med det same namnet, sjå Elva Mesta
Mesta er eit norsk statleg selskap som blei skilt ut frå Statens vegvesen 1. januar 2003. Selskapet er Noregs største vegentreprenør, og omset årleg for om lag 6 milliardar kroner. Mesta har hovudkontor på Lysaker og regionkontor på Lysaker, i Bergen og Bodø. Selskapet har kring 3 100 tilsette. Mesta heitte tidlegare Vegproduksjon AS og vart utskilt frå Statens vegvesen.
Mesta | |
![]() | |
Selskapsform | Aksjeselskap |
---|---|
Org.nr. | 984 693 273 |
Skipa | 2003 |
Bransje | Vegentrepenør |
Land | Noreg ![]() |
Hovudkontor | Lysaker |
Styreleiar | Frode Alhaug |
Adm. direktør | Kyrre Olaf Johansen |
Tilsette | 3 293 (2005) |
Omsetnad | 6,076 milliardar (2005) |
Resultat | 216 millionar (2005) |
Nettstad | http://www.mesta.no |
Mesta er den tidlegare produksjonsavdelinga i Statens vegvesen, og er delt inn i tre regionar: Sørøst, Vest og Nord.