Tynntarm
Tynntarmen (lat. intestinum tenue) høyrer til fordøyingssystemet og er ein del av tarmkanalen.
Tynntarm | |||
Diagram over tarmane som viser tynntarmen i raudt. | |||
Klassifikasjonar og ressursar | |||
---|---|---|---|
MeSH | D007421 |
Hjå menneske byrjar tarmen med pylorus (portnaren eller mageporten) ved magesekken og endar med Bauhins klaff (valva ileocoecalis), ein leppeaktig ventil ved byrjinga av tjukktarmen. Tynntarmen har tre delar: Tolvfingertarmen (duoedenum), jejunum og ileum. Tarmen er vanlegvis omtrent 5 meter lang, men kan vera frå 3 til 7 meter.
I den innleiande delen av tynntarmen, (tolvfingertarmen), blir det tilført galle og bukspytt, som inneheld enzym og nøytraliserer magesyre. I resten av tarmen (særleg i jejunum) blir det tilført tarmsaft frå kjertelceller som sit i slimhinnene. Her og i ileum blir nedbrytinga av næringsstoff til einingar (molekyl) så små at dei kan takast opp av organismen fullført. Molekyla blir saug opp gjennom tarmtottar langs veggane i tynntarmen.
Mellom anna tek tynntarmen opp vatn, mineral som jern, kalsium, klor og natrium, gallesalt som finst i galle, vitaminar, feitt, aminosyrer og monosakkarid.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Tynntarmen» frå Wikipedia på bokmål, den 1. februar 2010.
- Åbro, Arnold, «tarmkanal – zoologi, anatomi», Store Norske Leksikon
- Åbro, Arnold; Walberg, Fred, «tarmkanal – hos mennesket», Store Norske Leksikon
- Holck, Per, «tynntarm», Store Medisinske Leksikon