Opna hovudmenyen

Mi'ilya (arabisk معليا, hebraisk מִעִלְיָא) er ein arabisk lokal kommune vest i Galilea i Nord distrikt i Israel. Namnet i tida under kongedømet Jerusalem i Galilea var Castellum Regis.[2] Alle innbyggjarane er kristne. Mi'ilya ligg like nordvest for byen Ma'alot-Tarshiha.

Mi'ilya
מִעִלְיָא, معليا, Malia
lokal kommune
Miiliya-castle-40.jpg
Våpenskjold
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Nord
Koordinatar 33°1′30.57″N 35°15′34.41″E
Areal 1,37 km²
Folketal 2 800 (2009) [1]
Folketettleik 2 044 / km²
Grunnlagd Før 1160[2]
 - Bystatus 1957
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Mi'ilya

HistorieEndra

Tidleg historieEndra

Arkeologiske utgravingar i Mi'ilya indikerer at staden har vore busett sidan seint i bronsealderen og jernalderen, i tillegg til hellenistisk, romersk, bysantinsk, krossfarar, mamelukkane og osmansk tid.[3]

MellomalderenEndra

KongeborgaEndra

 
Kongeborga i 2009.

Kongeborga i Mi'ilya er datert til minst 1160, då kong Balduin III av Jerusalem gav ho til ein Johannes frå Haifa og arvingane hans. I 1182 gav Balduin IV henne til onkelen Jocelyn III. På denne tida vart ho kalla «Den nye borga i Akkofjella». I 1187 fall borga til Saladin. Seinare, tidleg på 1200, gjekk ho over til Den tyske riddarordenen, men på denne tida var Montfortborga langt viktigare.[4]

Den arabiske geografen Al-Dimashqi skreiv om den «fine borga», og den behagelege dalen i nærleiken, der det voks store pærer og sitronar.[5]

Osmansk tidEndra

I 1596 var Mi'ilya oppført i osmanske skattelister som ein del av Akka nahiya i Safad liwa. Han hadde eit folketal på 15 muslimske og to kristne hushaldningar og betalte skatt for kveite, bygg, oliven og geiter eller bikubar.[6]

I 1881 vart Mi'ilya skildra som ein stor og velbygd landsby i stein, med 450 kristne innbyggjarar, omgjeve av oliven og dyrkbar mark.[7]

MandatperiodenEndra

Under folketeljinga i Palestina i 1931, hadde Mi'ilya 138 busette hus og eit folketal på 553 kristne, 25 muslimar og ein drusar.[8] I 1945 hadde dette auka til 790 kristne og 110 muslimar.[9]

Staten IsraelEndra

Tidleg i 1948 leid landsbyen av matmangel og trakassering frå kringliggande jødiske område. Han vart erobra av det israelske forsvaret under Operasjon Hiram i slutten av oktober. Etter ein kort kamp flykta dei fleste innbyggjarane til landsbygda. Dagen etter lét den lokale israelske kommandanten dei få lov å kome heim att til heimane sine. Dette var eit av få tilfelle der innbyggjarane fekk lov til å kome attende til landsbyen dei hadde forlate.[10] I januar 1949 vart landsbybuarane frå Mi'ilya drivne ut og til Jenin. Dei klaga over at dei vart rana av israelske soldatar medan dei vart deporterte. Departementet for minoritetssaker rapporterte at 25 innbyggjarar vart forviste i mars etter mistanke om å ha gjeve informasjon til fienden.[11] Mi'ilya fekk status som lokal kommune i 1957. Den arabiske folkesetnaden vart verande under unntakstilstand fram til 1966.

KjelderEndra

  1. «Table 3 - Population of Localities Numbering Above 2 000 Residents and Other Rural Population» (PDF). Israelsk statistisk sentralbyrå. 30. september 2014. Henta 1. oktober 2014. 
  2. 2,0 2,1 Ellenblum, 2003, s. 41.
  3. Porat, 2009, Mi‘ilya, the Church Square Preliminary Report
  4. Pringle, 1998, s. 30
  5. leStrange, 1890, s.495
  6. Wolf-Dieter Hütteroth and Kamal Abdulfattah (1977), Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century, Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft, s. 194 
  7. Conder and Kitchener, 1881, s.149
  8. E. Mills, red. (1932), Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas, Jerusalem: Government of Palestina, s. 102 
  9. Government of Palestina, Village Statistics 1945.
  10. Morris, Benny (1987) The birth of the Palestinian refugee problem, 1947-1949. Cambridge University Press. ISBN 0-521-33028-9. s. 228
  11. Morris. s.352

BakgrunnsstoffEndra