Mia Gundersen

norsk songar og skodespelar

Mariann Gundersen Leliënhof (fødd 27. oktober 1961), kjend som Mia Gundersen, er ein norsk songar og skodespelar. Ho debuterte som åtteåring ved borneteateret til Rogaland Teater som ekornguten Per og var der til ho starta i ei musikkgruppe 15 år gamal. I 1983 tok ho over som vokalist i musikkgruppa Asfalt som året etter gav ut albumet Få det ud før gruppa vart oppløyst. I 1985 deltok ho i prosjektet All Of Us, Rogaland sitt bidrag til Live Aid, og året etter gav ho ut si einaste soloplate Temptation. Ho deltok i Melodi Grand Prix 1985, 1986 og 1996.

Mia Gundersen

Fødd27. oktober 1961 (63 år)
FødestadStavanger kommune
FødenamnMariann Gundersen
OpphavNoreg
Aktiv1976–
Instrumentvokal
Verka somsongar, skodespelar
Gift medMarcel Leliënhof
PrisarSiddisprisen

Mia Gundersen er også kjend som skodespelar i Offshore og som domar i Norske Talenter.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Mia Gundersen