Melodi Grand Prix 1996
Melodi Grand Prix 1996 var den 35. utgåva av Melodi Grand Prix, Noregs nasjonale uttaking til Eurovision Song Contest. Åtte finalistar kjempa i finalen 30. mars 1996 som blei arrangert på NRK Marienlyst i Oslo. Vinnarlåten blei «I evighet», framført av Elisabeth Andreassen og skriven av Torhild Nigar. Elisabeth Andreassen representerte Noreg i den internasjonale finalen i Oslo, der «I evighet» kom på 2. plass med 114 poeng.
Melodi Grand Prix 1996 | ||||
---|---|---|---|---|
Dato | ||||
Finale | 30. mars 1996 | |||
Vertskap | ||||
Finale | Studio 2, NRK Marienlyst, Oslo | |||
Programleiar | Tande-P. | |||
Kringkastar | Norsk rikskringkasting | |||
Deltakarar | ||||
Deltakarar | 8 | |||
Vinnar | ||||
Song | «I evighet» | |||
Artist | Elisabeth Andreassen | |||
Resultat i Eurovision Song Contest 1996 | ||||
Finalepoeng | 114 | |||
Finaleplass | 2. | |||
Noreg i Eurovision Song Contest | ||||
|
Sendinga
endreEtter sigeren i Eurovision Song Contest året før, var det NRK som arrangerte den internasjonale finalen i 1996. Dette gjorde at NRK skalerte ned den norske finalen. Sendinga gjekk frå eit vedkubbe-dekorert Studio 2 på NRK Marienlyst. Dei få publikummarane i studio var stort sett medlemmar frå Den Norske Grand Prix-klubben.[1]
Ein hemmeleg jury plukka ut dei åtte finalelåtane frå dei 365 bidraga som kom inn i NRKs opne konkurranse.[2] Året før var dei fleste deltakarane ukjende, men dette året deltok fleire kjende artistar, blant dei: Elisabeth Andreassen, Jahn Teigen (2 tenorer), Scandinavia og Stephen Ackles. Fleire andre returnerte også: Geir Rønning, Mia Gundersen, Øystein Wiik (2 tenorer) og Arnold B Family som kom på 2. plass året før.
Under sendinga dukka Brit Elisabeth Haagensli og Åsleik Engmark opp, og dei spelte Gro Harlem Brundtland og tullefiguren Jim Hermansen. Sistnemnde dukka opp fleire gonger under sendinga.
Programleiar var Tande-P., og Geir Langslet leia orkesteret med 15 musikarar. Ti distriktsjuryar avgjorde resultatet, og Elisabeth Andreassen vann sin tredje Melodi Grand Prix-finale og fekk representere Noreg på heimebane i Oslo. «I evighet» kom på 2. plass i den internasjonale finalen, dette er Noregs fjerde beste plassering i tevlinga.
Resultat
endreNr. | Tittel | Artist | Komponist | Tekstforfattar | Poeng | Plass |
---|---|---|---|---|---|---|
A | «Når hjertet står i brann» | Scandinavia | Tom Sennerud | Bjørn Terje Bråthen | 12 | 8 |
B | «Din smittende glede» | Arnold B Family | Thomas Børud | Arnold Børud | 29 | 6 |
C | «I evighet» | Elisabeth Andreassen | Torhild Nigar | 88 | 1 | |
D | «Jennina» | Stephen Ackles | Geir Rønning | 32 | 5 | |
E | «Tenn lys» | Mia Gundersen | Inge Enoksen | Leiv N. Grøtte | 28 | 7 |
F | «Frieri» | Helga Hatløy Hagen og Marie Hatløy Osdal | Helga Hatløy Hagen og Marie Hatløy Osdal | 56 | 2 | |
G | «Uten de'» | Geir Rønning | Geir Rønning | 56 | 2 | |
H | «Ariel» | 2 tenorer | Sverre Wiik | Øystein Wiik | 39 | 4 |
Røysting
endreResultatet blei avgjort av ti distriktsjuryar med 15 medlemmar i kvar. Kvar jury gav 1–4, 6, 8 og 10 poeng. Starten av røystinga var spennande, og «I evighet», «Frieri» og «Uten de'» bytte på å leie. Etter at Trondheim hadde gitt poeng, gjekk «I evighet» opp i leiinga og heldt ho resten av røystinga. Kommentator Jostein Pedersen var hovuddommar for røystinga.
Nr. | Tittel | Stavanger | Fredrikstad | Vadsø | Trondheim | Tromsø | Lillehammer | Oslo | Bergen | Kristiansand | Porsgrunn | Totalt |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
A | «Når hjertet står i brann» | 1 | 1 | 2 | 6 | 2 | 12 | |||||
B | «Din smittende glede» | 3 | 1 | 1 | 6 | 4 | 3 | 1 | 6 | 4 | 29 | |
C | «I evighet» | 4 | 10 | 6 | 10 | 10 | 10 | 10 | 10 | 8 | 10 | 88 |
D | «Jennina» | 4 | 2 | 2 | 2 | 6 | 2 | 4 | 4 | 6 | 32 | |
E | «Tenn lys» | 8 | 3 | 3 | 1 | 1 | 6 | 3 | 3 | 28 | ||
F | «Frieri» | 6 | 8 | 4 | 3 | 8 | 8 | 8 | 2 | 1 | 8 | 56 |
G | «Uten de'» | 10 | 2 | 10 | 4 | 6 | 3 | 1 | 8 | 10 | 2 | 56 |
H | «Ariel» | 2 | 6 | 8 | 8 | 3 | 4 | 4 | 3 | 1 | 39 |
Strid om vinnarlåten
endreEtter den internasjonale finalen i midten av mai kom det fram at komponist Torhild Nigar hadde sendt inn «I evighet» til Melodi Grand Prix 1991. Same år avlyste NRK finalen, sidan juryen meinte dei innsendte bidraga ikkje heldt mål. Nigar hadde òg utgitt songen på kassett i 1987. Kassetten blei produsert i omtrent 200 eksemplar og brukt som promo i USAs musikkindustri.
Sverre Wiik som komponerte «Ariel» til den norske finalen, kalla saka ein skandale og kravde at songen blei diska. I byrjinga av juni gjekk saka vidare til EBU for vurdering, og NRK innrømte at det norske bidraget stod i fare for å bli diskvalifisert. Kort tid etter melde EBU at dei ikkje ville diskvalifisere «I evighet». Årsaka var at melodien ikkje hadde blitt utnytta i kommersiell samanheng før Eurovision.[3][4][5]
Hendingar
endreDei einegga tvillingane Helga Hatløy Hagen og Marie Hatløy Osdal var det andre tvillingparet som deltok i Melodi Grand Prix. Tvillingane Randi Eriksen og Torill Eriksen var dei første. Dei deltok i den norske finalen i 1967 med «Jeg vet om en gutt».
Dette året hadde EBU sett fristen for å velje nasjonale bidrag til starten av mars. Sidan Noreg var vert for den internasjonale finalen, var Noreg direktekvalifisert. Derfor fekk også NRK lov til å halde Melodi Grand Prix etter EBU-fristen.
NRK fekk blanda mottaking for den nedtona norske finalen. VGs kritikar skreiv: «et studio fylt med noen merkelige vedstabler montert på hønsenetting holder ikke engang til en mislykket låvedans.»[6] Dagbladets kritikar var på si side positiv til showet og kalla det «intimt og overraskende underholdende».[7] Pressa var også samde om at rett låt vann. Programmet blei sett av 1 492 000 sjåarar.[8]
Fotnotar
endre- ↑ «Melodi Grand Prix 1996 – norsk finale». Norsk rikskringkasting. 30. mars 1996. Besøkt 3. august 1996.
- ↑ «365 Grand Prix-låter». Verdens Gang. 3. januar 1996. s. 51.
- ↑ Ottesen, Svein Johs (2. juni 1996). «'Gammel' sang diskes neppe». Aftenposten. s. 4.
- ↑ Storvand og Brunmark, Lena og Kristine (1. juni 1996). «Grand Prix-avsløringen: Disk Bettan!». Verdens Gang. s. 48–49.
- ↑ Moslet, Håkon (4. juni 1996). «Bettan blir ikke disket». Dagbladet. s. 31.
- ↑ Stamnes, Dag (31. mars 1996). «Lunkent sludreprogram». Verdens Gang. s. 56–57.
- ↑ Wiese, Andreas (31. mars 1996). «Sett og hørt: Base Camp Grand Prix». Dagbladet. s. 33.
- ↑ Pettersen, Jørn (2. april 1996). «Bra, men ikke best». Verdens Gang. s. 52.