Michael Ben David

israelsk songar

Michael Ben David (fødd 26. juli 1996 i Ashkelon) er ein israelsk songar. Han vart kjend i heimlandet då han vinteren 2022 vann den fjerde sesongen av X Factor Israel. Han representerte Israel i Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia med songen «I.M».

Michael Ben David

Fødd26. juli 1996 (27 år)
FødestadAshkelon
Fødenamnמיכאל בן דוד
OpphavIsrael
Sjangerpop
Verka somsongar

Bakgrunn endre

Ben David vart fødd i Ashkelon i Israel som den nest eldste i ein syskenflokk på seks.[1] Mora er russisk-ukrainsk, medan faren er georgisk. Han vaks opp i Petah Tiqwa, aust for Tel Aviv.[1] Allereie på barne- og ungdomsskulen fekk Ben David merksemd for songtalentet sitt og den lyse stemma si, som han ofte vart mobba for av klassekameratane.[2] Som 16-åring kom Ben David ut som homofil, noko den religiøse mora hans brukte lang tid på å akseptere.[1]

Ben David avtente fyrstegongstenesta si i ei hemmeleg eining i det israelske forsvarsdepartementet. Etter militærtenesta studerte han skodespel ved dramaskulen Beit Zvi i Ramat Gan.[2]

Hausten 2021 vart han kjend for eit større publikum då han deltok i den fjerde sesongen av X Factor Israel, den israelske versjonen av X Factor. Han vann til slutt finalen laurdag 5. februar 2022 og sikra seg samstundes moglegheita til å representere Israel i Eurovision Song Contest 2022 i Torino.[3] Han deltok med songen «I.M», skriven av Lidor Saadia, Chen Aharoni og Assi Tal.[4] Songen vart nummer 13 av 18 i semfinalen, og kvalifiserte seg ikkje til finalen.[5]

Kjelder endre