Israel i Eurovision Song Contest

Israel debuterte i Eurovision Song Contest i 1973 og har delteke 44 gongar. Israel har vunne Eurovision Song Contest fire gongar: i 1978, 1979, 1998 og 2018. I tillegg har Israel to andreplassar og ein tredjeplass i tevlinga. Israel har aldri hamna på sisteplass i Eurovision Song Contest. Etter innføringa av semifinalar i 2004, har Israel kvalifisert seg til finalen ved 11 av 18 høve.[1] Israel har arrangert Eurovision Song Contest tre gongar: i Jerusalem i 1979 og 1999 og i Tel Aviv i 2019.

Israel

Offisielt Israel

IBA (19732017)
KAN (2017–)
Uttakingar
Deltaking
Debutår 1973
Deltakingar 44
Beste resultat
Semifinalen 1 (2018)
Finalen 1 (1978, 1979, 1998 og 2018)
Verste resultat
Semifinalen 24 (2007)
Finalen 24 (1993)
Poeng
Semifinalane 1 588
Finalane 3 435
Totalt 5 023

Sjølv om Israel ligg i Asia, kan Israel deltake i Eurovision Song Contest. Årsaka er at den israelske kringkastaren KAN er eit fullverdig medlem av EBU, og at Israel ligg innanfor Det europeiske kringkastingsområdet, som er dei to hovudkrava for å kunne deltake i tevlinga.[2][3][4]

Historikk endre

Israel har historiske og kulturelle tette band til Europa, og landet har vore ein ivrig og trufast deltakar i Eurovision Song Contest sidan debuten i 1973. Sjølv om Israel ikkje ligg i Europa, har landet delteke i og med at kringkastarane IBA og KAN er medlemmar i Den europeiske kringkastingsunionen. Israel ligg også innanfor det geografiske definerte europeiske kringkastingsområdet, og landet oppfyller dimed krava som stillast for å deltake i tevlinga. Fleire andre ikkje-europeiske land har også delteke; Marokko deltok i 1980, og Libanon hadde konkrete planar om å deltake i 2005. Dessutan kan land som Irak, Egypt, Jordan og Syria deltake i Eurovision Song Contest, sidan dei også ligg innanfor Det europeiske kringkastingsområdet.[2][3]

Ny kringkastar endre

Fram til og med 2017 var det den israelske allmennkringkastaren IBA som plukka ut dei israelske bidraga, og som sende Eurovision Song Contest i Israel. Dagen etter tevlinga i 2017 vart IBA lagd ned, og Israel si framtidige deltaking var lenge uavklara. Då den israelske poengopplesaren Ofer Nachshon skulle lese opp dei israelske jurypoenga i 2017, opna han med å takke for 44 år i Eurovision Song Contest og tok deretter farvel med Israel si deltaking i tevlinga.[5]

Den noverande kringkastaren, KAN, starta sendingar i mai 2017. KAN vart eit fullverdig medlem av EBU fyrst i desember 2018[6], og kringkasteren hadde i utgangspunktet difor ikkje rett til å deltake i Eurovision Song Contest i 2018. Men sommaren 2017 signerte KAN og EBU ei avtale som sikra Israel deltaking i Eurovision Song Contest i 2018 - ei tevling Israel vann.[7]

Starten endre

Israel debuterte i Eurovision Song Contest i Luxembourg i 1973. Det israelske bidraget, «Ey sham», enda på ein fjerdeplass, og dei neste åra enda Israel midt på resultatlista. Den fyste sigeren til Israel kom allereie i 1978 med discolåten «A-ba-ni-bi», og på heimebane året etter, vann Israel igjen med evergreenen «Hallelujah». Den israelske vinnarsongen vart ein stor hit over heile Europa og låg på topp på VG-lista i elleve veker. Denne songen er framleis den største Eurovision-hiten i Noreg gjennom tidene.[8][9]

Den beste perioden til Israel var i åra 1978-1985, med to sigrar, to andreplassar og ein femteplass. Israel var nær ved å vinne igjen i 1991 og fekk ein sjetteplass i 1992. Israel vann for tredje gong i 1998 med Dana International og songen «Diva», det året der telefonavrøysting vart innført for alle land. Etter tusenårsskiftet har Israel hatt varierande resultat. Landet fekk ein fjerdeplass i 2005 og to niandeplassar i 2008 og 2015, men i 2018 lykkast Israel å vinne sin fjerde siger i tevlinga med Netta og songen «Toy». Etter innføringa av semifinalar i 2004, har Israel kvalifisert seg til finalen ved 10 av 16 høve – og sidan 2015 har Israel kvalifisert seg til finalen kvart år.[1]

Fråvær endre

Israel har delteke 44 gongar sidan debuten i 1973 og har stått utanfor tevlinga ved fem anledningar. I 1980 bad Israel om at eit anna land skulle arrangere Eurovision Song Contest, sidan det ville verte for dyrt for den israelske kringkastaren IBA å arrangere to finalar på rad. Etter mykje om og men tok Nederland på seg arrangørjobben.[10] Men finalen i 1980 vart lagt til same dag som jom hazikaron, den israelske minnedagen over falne israelske soldatar. Dimed trekte Israel seg frå tevlinga for fyrste gong. Det same gjentok seg i 1984, og også då trekte Israel seg frå tevlinga.[11]

Også i 1994, 1996 og 1997 var Israel fråverande frå Eurovision Song Contest. Fråværet i 1994 skuldast den dårlege plasseringa til Israel året før, medan fråværet i 1996 kom av at det israelske bidraget ikkje kvalifiserte seg frå førehandskvalifiseringa til EBB. I 1997 falt Eurovision Song Contest på same dag som jom hasjoá, den israelske og jødiske minnedagen over holocaust. Israel stod dimed over tevlinga, men har deltek kvart år sidan.

Dei israelske bidraga har stort sett alltid vorte framført på hebraisk, men etter opphevinga av språkregelen i 1999 har dei israelske bidraga som regel vorte framført på både hebraisk og engelsk. I 2009 hadde Israel for fyrste gong eit bidrag med arabisk i seg, då den jødisk-arabiske duoen Noa og Mira Awad song songen «There Must Be Another Way» på hebraisk, engelsk og arabisk.[12] I 2015 var det fyrste gongen Israel ikkje song på hebraisk, sidan bidraget «Golden Boy» vart framført fullt ut på engelsk. Sidan har alle dei israelske bidraga for det meste vorte framført på engelsk.

Arabiske reaksjonar endre

Den israelske deltakinga har vore gjenstand for fleire kontroversar på grunn av rolla til Israel i Midtausten-konflikta. Særleg har dei arabiske landa vore kritiske og negative til at Israel får deltake i Eurovision Song Contest. Allereie ved debuten i 1973 sørga den israelske deltakinga for det største sikkerheitsoppbodet i tevlinga til da. Rykta sa også at den israelske deltakaren, Ilanit, opptredde med ein skotsikker vest under kjolen, noko Ilanit har tilbakevist i ettertid.[13][14]

I 1978 sende fleire arabiske land tevlinga på fjernsyn. Då det israelske bidraget vart framført, viste den jordanske kringkastaren i staden eit bilete av blomar. Då det vart klart at Israel ville vinne tevlinga, avbraut jordansk tv heile sendinga under påskot av at dei hadde tekniske problem. Dagen etter erklærte den jordanske tv-kanalen at andreplassen Belgia hadde vunne.[15]

I 1979 arrangerte Israel finalen i Jerusalem, og Tyrkia skulle deltake med songen «Seviyorum». Etter sterkt press frå sine arabiske allierte, valde Tyrkia til slutt å trekkje seg frå tevlinga kort tid før finalen.[16][17]

Den israelske deltakinga har også gjort at fleire arabiske land har nekta å deltake i Eurovision Song Contest. Då Israel var fråverande i 1980, valde Marokko å deltake, men landet har ikkje delteke sidan. I 2005 skulle også Libanon deltake for fyrste gong. Libanesisk lovgjeving forbyr derimot media å kringkaste program med israelsk innhald. Dette gjorde at den libanesiske kringkastaren ikkje kunne vise det israelske bidraget eller opprette eit telefonnummer der tv-sjåarane kunne ringe inn og røyste på Israel. Til slutt måtte Libanon trekkje seg frå tevlinga, og landet har ikkje gjort noko forsøk på å deltake sidan.[18]

Bidraga endre

År Artist Song Språk Finalen Semifinalen
Poeng Plass Poeng Plass
  1973 Ilanit «Ey sham» Hebraisk 97 4
  1974 Kaveret «Natati la khayay» Hebraisk 11 7
  1975 Shlomo Artzi «At va'ani» Hebraisk 40 11
  1976 Shokolad, Menta, Mastik «Emor shalom» Hebraisk 77 6
  1977 Ilanit «Ahava hi shir lishnayim» Hebraisk 49 11
  1978 Izhar Cohen og Alphabeta «A-ba-ni-bi» Hebraisk 157 1
  1979 Gali Atari og Milk and Honey «Hallelujah» Hebraisk 125 1
  1980 Ha'achim ve ha'achayot «Pizmon chozer» Hebraisk Trekt
  1981 Hakol Over Habibi «Halayla» Hebraisk 56 7
  1982 Avi Toledano «Hora» Hebraisk 100 2
  1983 Ofra Haza «Khay» Hebraisk 136 2
  1984 Ilanit «Balalaika» Hebraisk Trekt
  1985 Izhar Cohen «Olé, Olé» Hebraisk 93 5
  1986 Moti Giladi og Sarai Tzuriel «Yavo yom» Hebraisk 7 19
  1987 Lazy Bums «Shir habatlanim» Hebraisk 73 8
  1988 Yardena Arazi «Ben adam» Hebraisk 85 7
  1989 Gili og Galit «Derekh hamelekh» Hebraisk 50 12
  1990 Rita «Shara barkhovot» Hebraisk 16 18
  1991 Duo Datz «Kan» Hebraisk 139 3
  1992 Dafna Dekel «Ze rak sport» Hebraisk 85 6
  1993 Sarah'le Sharon og gruppa Shiru «Shiru» Hebraisk og engelsk 4 24
  1995 Liora «Amen» Hebraisk 81 8
  1996 Galit Bell «Shalom olam» Hebraisk Ikkje kvalifisert 12 28
  1998 Dana International «Diva» Hebraisk 172 1
  1999 Eden «Yom Huledet (Happy Birthday)» Hebraisk og engelsk 93 5
  2000 PingPong «Sameach» Hebraisk og engelsk 7 22
  2001 Tal Sondak «En davar» Hebraisk og engelsk 25 16
  2002 Sarit Hadad «Nadlik beyakhad ner (Light a Candle)» Hebraisk og engelsk 37 12
  2003 Lior Narkis «Words for Love» Hebraisk, engelsk, fransk,
gresk og spansk
17 19
  2004 David D'Or «Leha'amin» Hebraisk og engelsk Ikkje kvalifisert 57 12
  2005 Shiri Maimon «Hasheket shenish'ar» Hebraisk og engelsk 154 4 158 7
  2006 Eddie Butler «Together We Are One» Hebraisk og engelsk 4 23 Topp 10 året før
  2007 Teapacks «Push the Button» Hebraisk, engelsk og fransk Ikkje kvalifisert 17 24
  2008 Bo'az Ma'uda «The Fire In Your Eyes» Hebraisk og engelsk 124 9 104 5
  2009 Noa og Mira Awad «There Must Be Another Way» Hebraisk, arabisk og engelsk 53 15 75 7
  2010 Harel Skaat «Milim» Hebraisk 71 14 71 8
  2011 Dana International «Ding Dong» Hebraisk og engelsk Ikkje kvalifisert 38 15
  2012 Izabo «Time» Hebraisk og engelsk 33 13
  2013 Moran Mazor «Rak bishvilo» Hebraisk 40 14
  2014 Mei Finegold «Same Heart» Hebraisk og engelsk 19 14
  2015 Nadav Guedj «Golden Boy» Engelsk 97 9 151 3
  2016 Hovi Star «Made of Stars» Engelsk 135 14 147 7
  2017 IMRI «I Feel Alive» Engelsk 39 23 207 3
  2018 Netta Barzilai «Toy» Engelsk og hebraisk 529 1 283 1
  2019 Kobi Marimi «Home» Engelsk 35 23 Vertsnasjon
  2020 Eden Alene «Feker Libi» Hebraisk, engelsk, arabisk og amharisk Tevling avlyst
  2021 Eden Alene «Set Me Free» Engelsk og hebraisk 93 17 192 5
  2022 Michael Ben David «I.M» Engelsk Ikkje kvalifisert 61 13
  2023 Noa Kirel «Unicorn» Engelsk og hebraisk 362 3 127 3
  2024 Eden Golan

Røystehistorikk (1973-2021) endre

Finalane endre

Israel har gjeve flest poeng til
Nr. Land Poeng
1   Sverige 171
2   Frankrike 159
3   Storbritannia 155
4   Russland 134
5   Spania 125

Israel har fått flest poeng frå
Nr. Land Poeng
1   Frankrike 205
2   Finland 160
3   Sveits 145
4   Tyskland 141
5   Nederland 138

Galleri endre

Eurovision Song Contest i Israel endre

År Stad Arena Programleiarar
1979   Jerusalem International Convention Center Yardena Arazi og Daniel Pe'er
1999 Dafna Dekel, Sigal Shachamon og Yigal Ravid
2019   Tel Aviv Expo Tel Aviv Bar Refaeli, Erez Tal, Assi Azar og Lucy Ayoub

Sjå òg endre

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 «Israel – Eurovision Song Contest'». eurovision.tv. Henta 17. desember 2016. 
  2. 2,0 2,1 «Israel is not in Europe, so why is it allowed to enter the Eurovision Song Contest? | Notes and Queries | guardian.co.uk». www.theguardian.com. Henta 29. mars 2019. 
  3. 3,0 3,1 «Hvorfor deltar Israel i en europeisk sangkonkurranse?». Norsk-israelsk handelskammer og Answers.com. 2010. Henta 17. desember 2016. 
  4. Farren, Neil (18. mai 2019). «Why Is Israel in Eurovision?». Eurovoix (på engelsk). Henta 19. mai 2019. 
  5. Walker, Harry (13. mai 2017). «Eurovision: Viewers left STUNNED as Israel announces it will no longer compete in contest». Express.co.uk (på engelsk). Henta 14. mai 2017. 
  6. Granger, Anthony (7. desember 2018). «Israel: KAN Gains Full Membership of the EBU». Eurovoix (på engelsk). Henta 29. mars 2019. 
  7. Granger, Anthony (6. juli 2017). «Israel: IPBC Can Still Compete in EBU Contests Despite Lacking Full Membership». eurovoix.com. Henta 7. juli 2017. 
  8. «VG-lista for 'Hallelujah'». VG Nett. Henta 17. desember 2016. 
  9. Thomas Talseth (14. mai 2016). «Tidenes største Eurovision Song Contest-hits i Norge». VG Nett. Henta 17. desember 2016. 
  10. «Eurovision Song Contest 1980». eurovision.tv. Henta 17. desember 2016. 
  11. «Eurovision Song Contest 1984». eurovision.tv. Henta 17. desember 2016. 
  12. Rory McCarthy (26. februar 2009). «Israel's Jewish and Arab Eurovision duet criticised». The Guardian. Henta 17. desember 2016. 
  13. Josh Hamerman (8. mai 2007). «Debunking a Eurovision Myth». Ynetnews Culture. Henta 17. desember 2016. 
  14. Eriksen, Espen (6. april 1973). «Dyster skygge over Melodi Grand Prix». Verdens Gang. s. 14. 
  15. «Eurovision Song Contest 1978». eurovision.tv. Henta 17. desember 2016. 
  16. O'Connor, John Kennedy (2007). The Eurovision Song Contest: The Official History. Carlton Books. ISBN 978-1-84442-994-3. 
  17. «Eurovision Song Contest 1979». eurovision.tv. Henta 17. desember 2016. 
  18. «Nul points as Lebanon quits contest». The Scotsman. 20. mars 2005. 

Kjelder endre