Michael Grundt Spang

Michael Grundt Spang (14. juni 193113. november 2003) var ein norsk forfattar og journalist. Spang arbeida for Dagbladet og Verdens Gang. Han var særleg kjend som kriminaljournalist, kriminalforfattar og samfunnsdebattant. I dei mange bøkene og artiklane sine uttrykte han ei gjennomgåande konservativ og systemtru haldning til norsk rettspleie og kriminalomsorg. Boka Torgersen-saken var eit tilsvar til Jens Bjørneboe si bok Tilfellet Torgersen, der Bjørneboe argumenterte for at den drapsdømte Fredrik Fasting Torgersen hadde vorte utsett for justismord.

Michael Grundt Spang
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1931
Mandal kommune
Død

2003 (72 år)

Yrke journalist, skribent

Spang sin roman Operasjon V for vanvidd vart filmatisert i 1970. Saman med Kjell Syversen vann han i 1981 Nordvisjonens tevling om beste manuskript for TV-krim. Dramaet vart filmatisert i 1984 av NRK som SK 917 har nettopp landet. I 1985 vart romanen Spionen dramatisert som høyrespelserie av NRK Radio.

Utgjevingar

endre
  • Den ukjente morder – sakprosa (1965)
  • En morder går løs – kriminalroman (1966)
  • Operasjon V for vanvidd – kriminalroman (1968)
  • Malkersaken – kriminalroman (1969) (saman med Arild Feldborg)
  • Justismordet – kriminalroman (1972)
  • Torgersensaken – sakprosa (1973)
  • Aksjon Ullersmo – kriminalroman (1975)
  • Du står ved stupet – kriminalroman (1980)
  • Spionen – kriminalroman (1982)
  • Spionen som lengtet hjem – kriminalroman (1985)
  • Treholtsaken: Hva skjedde? – sakprosa (1986)

Prisar

endre