Michael Fred Phelps II (fødd 30. juni 1985 i Towson) er ein amerikansk symjar som held ei rekkje verdsrekordar i symjing. Det amerikanske tidsskriftet «Swimming World» har kåra Phelps til «World Swimmer of the Year» i åra 2003, 2004 og 2006, og «American Swimmer of the Year» i åra 2001 til 2007, unnateke 2005.

Michael Phelps


Statsborgarskap USA
Fødd 30. juni 1985 (39 år)
Baltimore
Idrett svømming
Tok del i Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2000, Symjing under Sommar-OL 2016, Svømming under Sommer-OL 2004 – 100 meter butterfly menn, Svømming under Sommer-OL 2004 – 200 meter butterfly menn, Svømming under Sommer-OL 2004 – 200 meter individuell medley menn, Svømming under Sommer-OL 2004 – 400 meter individuell medley menn, Svømming under Sommer-OL 2004 – 4 × 200 meter fri stafett menn, Svømming under Sommer-OL 2004 – 4 x 100 meter medley stafett menn, Svømming under Sommer-OL 2004 – 200 meter fri menn, Svømming under Sommer-OL 2004 – 4 x 100 meter fri stafett menn
Utmerkingar Associated Press Athlete of the Year, Associated Press Athlete of the Year
Michael Phelps under 400-meter i februar 2008.
Foto: Karen Blaha

Historikk

endre

Barne- og ungdomskarriere

endre

Som liten vart Phelps diagnosert med Attention-Deficit Hyperactivity Disorder, eller ADHD.[1] Han starta symjing som sjuåring for å ha noko å få ut energien på. Dessutan var båe dei to eldre systrene habile symjarar, den eine var nær å bli tatt ut til sommar-OL i Atlanta i 1996 før ei skade øydela for karrieren hennar.

Som 10-åring sette Michael Phelps nasjonal rekord for aldersgruppa han symde i. Då han var 15, hadde han alt kvalifisert han seg for sommarleikane i 2000 som fann stad i Sydney.[2] Her var han den yngste amerikanske herresymjaren på 68 år. Sjølv om han ikkje vann, vart han nummer fem på 200 m butterfly.

I november 2004 vart Phelps teken for å ha køyrt i påverka tilstand. Han sa seg skuldig og vart dømd til 250 dollar i bot og 18 månaders samfunnsteneste der han måtte tale for studentar på high school om faren ved å køyre påverka av rus, pluss at han måtte ta del på eit møte hjå Mothers Against Drunk Driving ('mødre mot fyllekøyring').[3][4] Då han seinare den månaden var gjest i det amerikanske fjernsynsprogrammet The Today Show sa Phelps at det heile var ein eingongstilfelle og at han hadde skuffa både seg sjølv og familien, jamvel mange amerikanarar.

Dei olympiske sommarleikane i Aten 2004

endre

I Sommar-OL i Aten i 2004 vann Phelps åtte medaljar, seks var gull og to bronse.[5] Dette er like mange medaljar i eit OL som sovjetiske Aleksander Ditiatin fekk under dei olympiske sommarleikane i Moskva i 1980.[6]

Stil Resultat Tid
400 m individuell medley Gullmedalje, ny verdsrekord 4:08.26[7]
100 m butterfly Gullmedalje, olympisk rekord 51.25[8]
200 m fri Bronsemedalje, amerikansk rekord 1:45.32[9]
200 m butterfly Gullmedalje, olympisk rekord 1:54.04[10]
200 m individuell medley Gullmedalje, olympisk rekord 1:57.14[11]
4 × 100 m fri stafett Bronsemedalje 3:14.62[12]
4 × 200 m fri stafett Gullmedalje, amerikansk rekord 7:07.33[13]
4 × 100 m medley stafett Gullmedalje, ny verdsrekord 3:30.68[14]

Dei olympiske sommarleikane i Beijing 2008

endre
 
President George W. Bush (t.v.) veivar med det amerikanske flagget, under medaljeutdelinga for 400 meter individuell medley i Beijing.

Phelps kvalifiserte seg for åtte symjetevlingar under sommar-OL i Beijing.[15]

Dato (i Beijing) Stil Resultat Tid
10. august 400 m individuell medley Gullmedalje, ny verdsrekord 4:03.84[16]
11. august 4 × 100 m fri stafett Gullmedalje, ny verdsrekord 3:08.24[17]
12. august 200 m fri Gullmedalje, ny verdsrekord 1:42.96[18]
13. august 200 m butterfly Gullmedalje, ny verdsrekord 1:52.03[19]
13. august 4 × 200 m fri stafett Gullmedalje, ny verdsrekord 6:58.56[20]
15. august 200 m individuell medley Gullmedalje, ny verdsrekord 1:54.23[21]
16. august 100 m butterfly Gullmedalje, olympisk rekord 50:58.[22]
17. august 4 × 100 m medley stafett Gullmedalje, ny verdsrekord 3:29:34[23]

Phelps vann åtte gullmedaljar i Beijing, der sju av dei har vore verdsrekordar og ein olympisk rekord. Dermed ligg han framfor Mark Spitz om flest gullmedaljar frå eitt og same OL. Med 14 olympiske gull til saman, har Phelps skrive seg inn i idrettshistoria som den utøvaren med flest olympiske gullmedaljar til saman.[24]

Olympiske medaljar

endre
  Gull på 100 meter butterfly
  Gull på 200 meter butterfly
  Gull på 200 meter individuell medley
  Gull på 400 meter individuell medley
  Gull på 4 × 200 meter fri stafett
  Gull på 4 × 100 meter medley stafett
  Bronse på 100 meter fri
  Bronse på 4 × 100 meter fri stafett
  Gull på 100 meter butterfly
  Gull på 200 meter butterfly
  Gull på 200 meter fri
  Gull på 200 meter individuell medley
  Gull på 400 meter individuell medley
  Gull på 4 × 100 meter fri stafett
  Gull på 4 × 200 meter fri stafett
  Gull på 4 × 100 meter medley stafett
  Gull på 100 meter butterfly
  Gull på 200 meter individuell medley
  Gull på 4 × 200 meter fri stafett
  Gull på 4 × 100 meter medley stafett
  Sølv på 200 meter butterfly
  Sølv på 4 × 100 meter fri stafett

Referansar

endre
  1. Kevin Van Valkenburg (11. mai 2008). «Phelps returns to attend NBAC fundraiser». The Baltimore Sun. Henta 26. mai 2008. 
  2. Paul McMullen, Amazing Pace: The Story of Olympic Champion Michael Phelps from Sydney to Athens to Bejing. New York: Rodale, Inc., 2006.
  3. Olympic Champ Sentenced For DUI CBS, 2004-12-29, vitja 2008-02-14}}
  4. Michael Phelps Arkivert 2008-05-13 ved Wayback Machine., Ask Men, vitja 2008-05-25
  5. 2004 Olympic Games swimming results Arkivert 2006-05-09 ved Wayback Machine. vitja 2007-07-22
  6. Facts & figures, arkivert frå originalen 4. mars 2007, henta 12. august 2008 
  7. http://news.bbc.co.uk/sport1/hi/olympics_2004/swimming/3564324.stm
  8. http://news.bbc.co.uk/sport1/hi/olympics_2004/swimming/3584378.stm
  9. http://news.bbc.co.uk/sport1/hi/olympics_2004/swimming/3571044.stm
  10. http://news.bbc.co.uk/sport1/hi/olympics_2004/swimming/3571638.stm
  11. http://news.bbc.co.uk/sport1/hi/olympics_2004/swimming/3577920.stm
  12. http://news.bbc.co.uk/sport1/hi/olympics_2004/swimming/3566566.stm
  13. http://news.bbc.co.uk/sport1/hi/olympics_2004/swimming/3572472.stm
  14. http://news.bbc.co.uk/sport1/hi/olympics_2004/swimming/3586784.stm
  15. http://www.nrksport.no/meisterskap/beijing_2008/1.6163515
  16. arkivkopi, arkivert frå originalen 13. august 2008, henta 13. august 2008 
  17. arkivkopi, arkivert frå originalen 14. august 2008, henta 14. august 2008 
  18. arkivkopi, arkivert frå originalen 15. august 2008, henta 15. august 2008 
  19. arkivkopi, arkivert frå originalen 16. august 2008, henta 16. august 2008 
  20. arkivkopi, arkivert frå originalen 16. august 2008, henta 16. august 2008 
  21. arkivkopi, arkivert frå originalen 16. august 2008, henta 16. august 2008 
  22. arkivkopi, arkivert frå originalen 19. august 2008, henta 19. august 2008 
  23. arkivkopi, arkivert frå originalen 20. august 2008, henta 20. august 2008 
  24. http://www.msnbc.msn.com/id/26194188

Bakgrunnsstoff

endre