Michael Prahl
Michael Djurhus Prahl (26. januar 1781–22. mai 1851) var ein kjøpmann, proprietær og stortingsmann frå Haus i Hordaland. Han var far til Ferdinand Prahl.
Michael Prahl | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 26. januar 1781 Haus kommune |
Død | |
Yrke | forretningsdrivande, proprietær, politikar |
Språk | norsk |
Folketeljinga frå 1801 viser at Prahl var «Kiøbmands karl» i Bergen og losjerte hos kjøpmann Hendrich Jansen Fasmer. Frå 1806 var Prahl kjøpmann i Bergen, då han vart eigar av firmaet J. H. Fasmer & Søn. Han skaffa seg mykje jordegods i bygdene i Midthordland, samt handelsstaden Glesvær i Sund. I fleire år var han medlem av formannskapet i Bergen.
Prahl var 1. representant frå Bergen på Stortinget i 1818. Han var medlem av 13 komitear. Mellom anna var han medlem av komiteen om bank- og pengestellet, samt av budsjettkomiteen.
Han døydde i Bergen i 1851.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Michael Prahl NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv