Opna hovudmenyen

Junior's Eyes var ei britisk gruppe leia av gitaristen Mick Wayne (f. Michael Wayne, 1945, Kingston upon Hull - død 26. juni 1994), som spelte inn eit album og var kjend for å vere bandet til David Bowie i 1969.

Junior's Eyes
OpphavLondon i England i United Kingdom
Aktiv1968 - 1970
SjangerProgressiv rock, psykedelisk rock, folkrock
PlateselskapRegal Zonophone

StartenEndra

Den første gruppa til Mick Wayne var The Outsiders med Jimmy Page på gitar. Etter dei spelte inn ein singel for Decca Records i 1965, vart the Outsiders oppløyst året etter, då Wayne vart med Hull-musikarane The Hullaballoos, der han erstatta Ricky Knight, før dei etter ei kort stund vart oppløyst. Han prøvde å danne ei ny besetning i Hull med trommeslagaren John Cambridge, men reiste etter kort tid attende til London (Cambridge vart seinare med i Hull-bandet The Rats, med gitaristen Mick Ronson). Wayne vart så med i Bunch of Fives (med den tidlegare Pretty Things-trommisen Viv Prince) i 1966 og dette bandet utvikla seg til The Tickle, med bandmedlemmane Mick Wayne (gitar), Mike Docker (vokal), Dave Williams (klaverinstrument), Richard Dowling (bass) og John Beckerman (trommer).[1] Den einaste singelen til The Tickle, «Subway (Smokey Pokey World)» - har vore med på fleire psykedeliske samlealbum, som Acid Drops, Spacedust & Flying Saucers: Psychedelic Confectionery.

Junior's EyesEndra

Etter the Tickle vart oppløyst, danna Mick Wayne Junior's Eyes tidleg i 1968, først med trommeslagaren John 'Candy' Carr og så med John 'Honk' Lodge (tidlegare i Graham Bond Organisation) (bass) og Steve Chapman (trommer). Dei spelte raskt inn debutsingelen med hjelp av pianisten Rick Wakeman og produsenten Tony Visconti. Trioen fekk med seg songaren Graham 'Grom' Kelly og (ei kort stund) organisten John Redfern seint i 1968 og byrja å arbeide på eit album. Battersea Power Station kom ut i juni 1969.[1]

Same månaden var Mick Wayne og Rick Wakeman av gjestemusikarane som spelte på gjennombrotshitten til David Bowie, «Space Oddity». Då albumet David Bowie vart spelt inn mellom juni og september 1969, hadde Bowie og produsenten Visconti med seg ei ny besetning frå Junior's Eyes som bestod av Mick Wayne (gitar), John 'Honk' Lodge (bass), John Cambridge (trommer) og Tim Renwick (gitar, fløyte og blokkfløyte). Det same bandet spelte med Bowie på BBC Radio-programmet Dave Lee Travis Show Session i oktober 1969[2] og (utan Wayne) B-sida «Conversation Piece», som var spelt inn i januar 1970. Wayne hadde òg vore med på innspelinga av James Taylor sitt debutalbum mellom juli og oktober 1968, og Honk hadde spelt på albumet Think Pink (sporet «Rock and Roll the Joint») av Pretty Things-trommeslagaren Twink i juli 1969. Desse innspelingane for andre artistar forstyrra framgangen til bandet, og den ny besetninga spelte berre inn ein einaste singel. Dei heldt den siste konserten sin den 3. februar 1970 i lag med Bowie. På denne konserten i Cambridge vart Bowie introdusert for den tidlegare bandkollegaen til 'Rats', Mick Ronson, og i løpet av få dagar hadde Cambridge, Ronson og Visconti (på bass) danna det nye bandet til Bowie, The Hype, men Cambridge slutta i slutten av mars.[1]

Seinare karriererEndra

Honk og Renwick danna bandet Quiver i lag, men Honk slutta etter krot tid (og vart ei kort stund saman med den tidlegare Pink Fairies-trommisen Twink i Last Minute Put Together Boogie Band i Cambridge. Renwick heldt fram med bandet, som seinare slo seg saman med the Sutherland Brothers, og seinare spelte han med Mike + The Mechanics og både Roger Waters og det David Gilmour-leia Pink Floyd, i tillegg til at han gav ut fleire soloalbum. Mick Wayne drog til USA etter Junior's Eyes for å spele med Joe Cocker, og var eit par år der som studiomusikar, før han kom attende til London og vart med ei innspeling med Steve Peregrin Took i 1972 i lag med rytmeseksjonen til Pink Fairies, Duncan Sanderson og Russell Hunter. Dette bandet hadde for tida ein pause etter at gitaristen Paul Rudolph hadde slutta. Ingen av songane vart ferdige, og Wayne, Sanderson og Hunter danna ei ny inkarnasjon av Pink Fairies, og gav ut singelen «Well, Well, Well» / «Hold On», i tillegg til ei radioinnspeling for BBC Radio One. Sanderson og Hunter var ikkje nøgde med den musikalske retninga Wayne tok bandet i og dei overtydde Larry Wallis til å bli med i gruppa som andregitarist, og sparka etter kort tid Wayne.[3] Wayne danna seinare pub-rockbanda Juniors og Ozo i midten av 1970-åra, før han trekte seg attende frå musikkindustrien. Han var i ferd med å spele inn eit comebackalbum som soloartist då han omkom i ein brann i huset til produsenten i 1994.[1]

DiskografiEndra

Singlar

  • «Keep On Doing It» / «Songs We Sang Last Summer» ('The Outsiders', August 1965)
  • «Go Home Baby» / «At The Station» ('Bunch Of Fives', August 1966)
  • «Subway (Smokey Pokey World)» / «Good Evening» ('The Tickle', November 1967)
  • «Mr Golden Trumpet Player» / «Black Snake» (juni 1968)
  • «Woman Love» / «Circus Days» (mai 1969)
  • «Star Child» / «Sink Or Swim» (august 1969)
  • «Well, Well, Well» / «Hold On» ('Pink Fairies', 1973)

Album

  • Battersea Power Station (juni 1969, nyutgjeve 2000)
  • Bowie at the Beeb (David Bowie, juni 2000 - bandet spelte på innspelingar i oktober 1969)

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Junior's Eyes-biografi av David Wells - 'Battersea Power Station - Plus' liner notes (2000)
  2. Bowie at the Beeb
  3. Forced Exposure # 11, winter 1987 – Larry Wallis interview by Nigel Cross

BakgrunnsstoffEndra