Midgard vikingsenter

(Omdirigert frå Midgard historisk senter)

Midgard vikingsenter, tidlegare Midgard historisk senter er eit historisk formidlings- og opplevingssenter attmed det store gravfeltet BorrehauganeBorre i Horten kommune. Senteret, som har namn etter menneskeverda, Midgard, i den norrøne mytologien, vart opna 27. mai 2000 av dronning Sonja. Senteret har som oppgåve å gje publikum kunnskap om vikingtida i Vestfold ved ymse former for utstillingar og ved å la publikum få take del i ulike aktivitetar. Midgard historisk senter inngår i den interkommunale organisasjonen Vestfoldmuseene IKS.

Midgard vikingsenter.

Bygningen for Midgard vikingsenter er teikna av arkitektkontoret Lund & Slaatto Arkitekter AS i Oslo, i samarbeid med arkitekt Halgeir Kårstein MNAL. Bygningen er utforma som samastilte element, der dei med runde former refererer seg både til gravhaugane og til dei kulerunde steinane i fjøra, fasaden med glas i bogar referere seg til bylgjene innover mot stranda, medan det lange, båtliknande tretaket over inngangspartiet skal få tankane inn på vikingskip og sjøfart.

Nedanfor senteret ligg gravfeltet der det i tida mellom 600 og 900 e.Kr. vart bygd ni store gravhaugar, og mellom dei finst det òg tre store gravrøyser. På feltet ligg det elles 30 mindre gravhaugar. Ikkje nokon stad i Nord-Europa er så mange store haugar vorte samla på eitt område. Denne konsentrasjonen av storhaugar syner at det her har vore eit sentrum for verdsleg og religiøs makt i vikingtida.

Arkeologiske granskingar i 2007 brakte for dagen spor etter ein stor hallbygning, «kongehallen», som kan tyde på at det var eit maktsentrum her allereie før vikingtida. Under seinare granskingar vart spor etter to andre bygningar avdekte. Leivningar etter det som kan ha vore vikingtidas hamn på Borre er òg oppdaga i dei seinare åra.

Ein freistnad på å rekonstruere «kongehallen» på grunnlag av dei få haldepunkta som finst, er bygd nordvest for gravfeltet, og vart opna i 2013. Denne såkalla Gildehallen på Borre er open for publikum, og for organiserte festlege samkomer, og vert administrert av Midgard historisk senter.

BakgrunnsstoffEndra