Midžor

(Omdirigert frå Midzhur)

Midzhur (bulgarsk Миджур) eller Midžor (serbisk Миџор) er eit fjell i Balkanfjella på grensa mellom Serbia og Bulgaria. Med ei høgd på 2169 meter over havet er toppen den høgaste i dei vestlege Balkanfjella, og i Serbia (om ein ser bort frå Kosovo). Midzhur er det tolvte høgaste fjellet i Stara Planina. Sjølve toppen ligg i Bulgaria, berre få meter unna grensa mellom dei to landa.

Midzhur/Midžor
fjell
Midžur i tåke. Grensesteinen sett frå serbisk side, og ein kan sjå at sjølve toppen ligg i Bulgaria.
Land  Serbia,  Bulgaria
Fjellkjede Balkanfjella
Høgd 2 169 moh.
Koordinatar 43°22′48″N 22°40′12″E / 43.38000°N 22.67000°E / 43.38000; 22.67000
Kart
Midžor
43°23′38″N 22°40′55″E / 43.393888888889°N 22.681944444444°E / 43.393888888889; 22.681944444444
Wikimedia Commons: Midžor

Sidan tidleg i 1990-åra har Midzhur vore tilgjengeleg for turistar frå begge sider, men tidlegare var toppen eit forbode grenseområde. På den bulgarske sida kan ein nå toppen frå landsbyen Gorni Lom. Chuprene biosfærereservat, som er verna av UNESCO, ligg vest for toppen. Fjellet er ein av få stader i Bulgaria der tiur framleis hekkar.

Kjelda til Lom ligg ved foten av fjellet. Fleire små vasskraftverk er i drift langs elva nær Midzhur. Ein må ha spesialløyve frå grensepolitiet i Sofia for å gå til toppen av fjellet.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Midžor
  Denne geografiartikkelen som har med Bulgaria og Serbia å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.