Mikal Laberg

norsk fiskar og politikar

Mikal Schjelderup Pedersen Laberg (5. juli 188618. august 1946) var ein norsk fiskar og stortingsmann frå Gratangen. Han møtte periodevis på Stortinget åra 1925 og -27, frå 1931 hadde han fast tingsete for Troms og Høgre til 1945.

Mikal Laberg
Statsborgarskap Noreg
Fødd 5. juli 1886
Gratangen kommune
Død

18. august 1946 (60 år)

Yrke fiskar, politikar
Politisk parti Høgre

Laberg var son til ein fiskar og var sjølv fiskar frå 14-årsalderen. Sidan 1911 dreiv han som notbas i sildefiskeria på strekninga Jæren til grensa mot Finland i nord.

Åra 1925-30 var Laberg varaordførar i Gratangen. Elles hadde han til ulike tider mange kommunale verv, så som viseformann i forliksrådet, medlem i verjerådet, helserådet og skogutvalet. I lengre tid var han formann i forstandarskapet til Gratangen Sparebank.

Laberg var fyrste varamann til Stortinget 1925-27 og møtte dei fire fyrste vekene av 1925-sesjonen i staden for den valde representanten, noko han også gjorde i 1927-sesjonen frå 21. april. Valperiodane 1931 -33, 1934.-36 og 1937-45 var han derimot fast representant frå valkrinsen Troms og for partiet Høgre. Han var medlem 1931-33 i Helsekomiteen og deretter i Sjøfarts- og fiskerikomiteen frå 1934 til -45. Utanom stortingsvervet var han medlem i Råfiskkomiteen av 1937.

Kjelder endre