Mikalaj Statkjevitsj
Mikalaj Viktaravitsj Statkjevitsj fødd 12. august 1956 i Ljadna i Minsk-provinsen) er ein belarusisk politikar, politisk fange og leiar i Det belarusiske sosialdemokratiske partiet (Folkeforsamlinga) (Bjelaruskaja satsyjal-demakratytsjnaja partyja (Narodnaja Hramada)). Statkjevitsj var kandidat ved presidentvalet i Belarus 2010.
Mikalaj Statkjevitsj
Мікалай Віктаравіч Статкевіч | |||
| |||
Fødd | 12. august 1956 (68 år) Liadna | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Sovjetunionen, Belarus | ||
Parti | Sovjetunionens kommunistiske parti, Det belarusiske sosialdemokratiske partiet (Folkeforsamlinga) | ||
Yrke | politikar, militær | ||
Utdanna ved | Republikken Belarus’ militærakademi Minsk Higher Air Defense Anti-aircraft Missile Academy | ||
Andre namn | belarusisk Мікалай Віктаравіч Статкевіч, russisk Николай Викторович Статкевич, Nikolaj Viktorovitsj Statkjevitsj | ||
Ektefelle | Maryna Adamovich |
Statkjevitsj fekk ei militær ingeniørutdanning i Minsk og gjorde teneste i det sovjetiske militæret i arktisk Russland. Han var medlem av Det sovjetiske kommunistpartiet, men melde seg ut i 1991 i protest mot bruken av militærmakt mot demonstrantar i Vilnius i Litauen. Han vart leiar av det sosialdemokratiske partiet i 1995. Etter at han var med å organisera demonstrasjonar mot valfusk i 2004, vart han dømd til tre års fengsel i 2005. Amnesty International adopterte han som samvitsfange i 2006. Han slapp ut av fengsel i 2007.
Statkjevitsj stilte som kandidat ved presidentvalet i Belarus 19. desember 2010. Ifølgje dei offisielle resultata kom han på åttande plass med 1,0 % av røystene, men valet vart ikkje rekna som fritt og rettferdig av internasjonale observatørar. Statkjevitsj vart arrestert etter å ha teke del i demonstrasjonar i Minsk mot måten valet vart gjennomført på same kvelden, saman med fem av dei andre presidentkandidatane, og tiltalt for å ha "forårsaka masseuro". Menneskerettsorganisasjonen Amnesty International rekna han som ein samvitsfange.[1] Under rettssaka mot han i mai 2011 hevda aktoratet at Statkjevitsj var hovudmannen bak demonstrasjonane etter valet, og skulda han for å ville storma regjeringsbygningen i Minsk.[2] Han vart dømt til seks års fengsel.
I januar 2012 vart soningstilhøva hans innskjerpa, då leiinga i straffekolonien meinte at han var «innstilt på å halda fram den kriminelle livsstilen sin». Ifølgje kona fekk han sleppa ut av cella éin time om dagen og får ta imot eitt besøk og éi pakke i året.
I august 2014 foreslo Statkjevitsj at opposisjonen burde samla seg bak éin presidentkandidat ved presidentvalet i 2015, noko som ikkje vart noko av.[3] Statkjevitsj vart lauslaten frå fengselet i 2015. Han var med på å organisera demonstrasjonar i samband med presidentvalet i 2015 og parlamentsvalet i 2016. I 2019 kunngjorde han at han ville stilla som kandidat ved presidentvalet i 2020, men kandidaturet hans vart ikkje godkjend av styresmaktene. I staden støtta han kandidaturet til Svjatlana Tsikhanowskaja og dreiv valkamp for henne. Han vart arrestert for dette under valkampen sommaren 2020.
Kjelder
endre- Denne artikkelen begynte med ei omsetjing av stoff frå Russisk Wikipedia den 18. mai 2011.
Fotnotar
endre- ↑ «Belarus urged to free prisoners of conscience held after post-election protest» frå Amnesty International, på engelsk
- ↑ «Прокурор: экс-кандидат в президенты Белоруссии Статкевич возглавлял «бесчинствующую толпу»» frå Gazeta.ru, 11. mai 2011, på russisk
- ↑ «Will There Be A Single Opposition Candidate In 2015 Elections?» Arkivert 2015-10-09 ved Wayback Machine. frå Belarus Digest, på engelsk