Mike Auldridge
Mike Auldridge (30. desember 1938–29. desember 2012) var ein USA-amerikansk dobrospelar som var med å skipe bluegrassgruppa The Seldom Scene. New York Times skildra Auldridge som «ein av dei mest markante dobrospelarane i country- og bluegrasshistoria, som var med å gjere desse sjangrane meir populære hos eit urbant publikum.»[1] Han arbeidde òg som biletkunstnar.
Mike Auldridge | |||
Fødd | 30. desember 1938 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Washington, D.C. | ||
Død | 29. desember 2012 (73 år) | ||
Dødsstad | Silver Spring i Maryland | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1960-åra til 2012 | ||
Sjanger | Bluegrass, country | ||
Instrument | Dobro, vokal | ||
Tilknytte artistar | Seldom Scene, Chesapeake | ||
Verka som | gitarist |
Auldridge spelte òg i gruppene The Country Gentlemen, Emerson and Waldron, Cliff Waldron and the New Shades of Grass, Seldom Scene, Chesapeake, The Good Deale Bluegrass Band, og John Starling and Carolina Star. Han spelte òg i turnébanda til Lyle Lovett og Emmylou Harris.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Mike Auldridge» frå Wikipedia på engelsk, den 12. november 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Friskics-Warren, Bill (31. desember 2012). «Mike Auldridge Dies at 73; Lent Dobro Fresh Elegance». New York Times. Henta 12. november 2020.