Mike Wedgwood (fødd 19. mai 1950) er ein engelsk bassist og songar.

Mike Wedgwood

Fødd19. mai 1950 (73 år)
FødestadDerby i Derbyshire
OpphavStorbritannia
SjangerCanterbury scene
Instrumentgitar
Verka sommusikar

Wedgwood vart med i bandet The Overlanders i 1968 etter dei gav ut den største hitten sin, ein versjon av Beatles-songen «Michelle», og vart verande med dei til 1971.

Etter ei tid med Arthur's Mother i 1971–72, gjekk han inn i Curved Air i 1972,[1] og spelte på det tredje albumet deira, Phantasmagoria. Då bandet vart oppløyst, vart han verande med Sonja Kristina og var med å skipe ei ny utgåve av bandet. Dei spelte inn Air Cut (og fire spor som kom ut i 1990 på Lovechild) før dei vart oppløyste i 1973.[1]

Etter å ha spelt i bandet til Kiki Dee på Yellow Brick Road-turneen til Elton John i England, og spelt på Elton-songen «Hard Luck Story», vart han med i Caravan,[2] i 1974 og var med dei fram til 1976, og spelte på albuma Live at Fairfield Halls, 1974 (gjeve ut på Decca i 2002), Cunning Stunts og Blind Dog at St. Dunstans.

Han arbeidde med Gordon Haskell frå 1993 til 1995.

Wedgwood bur i dag i Danmark og arbeidar som soloartist. Han eig og driv Wedgwood Studio i Silkeborg.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre