Nord universitet
universitet i Nord-Noreg
Nord universitet er eit norsk statleg universitet skipa 1. januar 2016 ved at Universitetet i Nordland, Høgskolen i Nesna og Høgskolen i Nord-Trøndelag vart slegne saman. Nord universitet har hovudsete i Bodø og studiestadar i Stokmarknes, Bodø, Mo i Rana, Nesna, Sandnessjøen, Namsos, Steinkjer, Levanger, Verdal og Stjørdal. Talet på tilsette er ikring 1 200, og talet på studentar ikring 12 000.
Nord universitet | |||
| |||
Grunnlagt | 1. januar 2016 | ||
---|---|---|---|
Type | Offentleg universitet | ||
Rektor | Hanne Solheim Hansen | ||
Stad | Bodø | ||
Studentar | 12 000 (oktober 2019) | ||
Tilsette | 1 200 (oktober 2019) | ||
Org.nummer | 970940243 | ||
Nettstad | https://www.nord.no/ (engelsk, norsk) | ||
Erstattar | Universitetet i Nordland, Høgskolen i Nesna, Høgskolen i Nord-Trøndelag | ||
Nord universitet 67°17′20″N 14°33′37″E / 67.288889°N 14.560278°E |
Fakultet
endreUniversitetet har desse fakulteta med gradsstudiar (2017–2018):[1]
Fakultet for biovitskap og akvakultur
endre- studiestad Bodø:
- doktorstudiar i akvatisk biovitskap
- masterstudiar i biologi og akvakultur
- baccalaurusstudiar i dyrevitskap, biologi, dyrepleie, havbruksdrift og leiing, og internasjonal marknadsføring
- studiestad Steinkjer:
Fakultet for samfunnsvitskap
endre- studiestad Bodø:
- doktorstudiar i sosiologi
- masterstudiar i leiing av menneskelege resursar (HRM) og samfunnsvitskap
- baccalaurusstudiar i barnevern, historie, HRM, internasjonale relasjonar, journalistikk, nordområdestudiar og sosialt arbeid
- studiestad Mo i Rana:
- baccalaurusstudiar i sosialt arbeid
- studiestad Steinkjer:
- masterstudie i samfunnsvitskap
- baccalaurusstudiar i 3D-kunst, film- og TV-produksjon, geografi, kommunal økonomi og leiing, spel og opplevningsteknologi
Handelshøgskolen Nord
endre- studiestad Bodø:
- doktorstudiar i bedriftsøkonomi
- masterstudiane MBA og siviløkonom
- baccalaurusstudiar i eigendomsmekling, rekneskap, og økonomi og leiing
- studiestad Mo i Rana:
- masterstudiet MBA i teknologileiing
- baccalaurusstudiar i informasjonssystem, og økonomi og leiing
- studiestad Stjørdal:
- masterstudiet MBA
- baccalaurusstudiar i trafikkpedagogikk, og økonomi og leiing
- høgskolekandidatstudie for trafikklærarar
Fakultet for lærarutdanning og kunst- og kulturfag
endre- studiestad Bodø:
- doktorstudiar i profesjonspraksis
- masterstudiar for grunnskolelærarar, lektorutdanning, logopedi, praktisk kunnskap, og tilpassa opplæring
- baccalaurusstudie for barnehagelærarar
- studiestadane Stokmarknes, Nesna og Namsos:
- masterstudiar for grunnskolelærarar
- studiestad Levanger:
- masterstudiar for grunnskolelærarar, kroppsøving- og idrettvitskap, kunnskapleiing, lektorutdaning i kroppsøving og idrettsfag, musikk, offentleg administrasjon (MPA), psykisk helsearbeid
- baccalaurusstudier for barnehagelærarar, musikklærarar, musikkpedagog og formidlar i kulturskolen, i idrettsvitskap
- studiestad Verdal:
- baccalaurusstudiar i teaterproduksjon og skodespelarfag
Fakultet for sjukepleie og helsefag
endre- studiestadane Bodø, Mo i Rana, Sandnessjøen og Levanger:
- baccalaurusstudiar for sjukepleiarar
I tillegg kjem årsstudiar og ei rekkje kortarere kurs.
Rektor har ansvaret for både den faglege verksemda, og for det administrative og økonomiske.
Rektorar
endre- 2016–2019: Bjørn Olsen[2]
- 2019– : Hanne Elenora Solheim Hansen
Kjelder
endre- ↑ «Nord universitet: studiesteder». Henta 17. desember 2017.
- ↑ «Nord-rektor Olsen går på dagen», khrono.no (på norsk), henta 19. januar 2019