Opna hovudmenyen

Tysfjord kommune

kommune i Nordland
For fjorden kommunen har fått namn etter, sjå Tysfjorden.

Tysfjord (lulesamisk Divttasvuodna) er ein kommune i Ofoten i Nordland. Tysfjord grensar i nordaust til Ballangen, i sørvest til Hamarøy, og i aust til Gällivare og Jokkmokk i Sverige. Tysfjord vart innlemma i det samiske språkforvaltningsområdet den 1. januar 2006.

Tysfjord kommune
kommune
Kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Nordland
Adm.senter Kjøpsvik
Areal 1 464 km²
 - land 1 361 km²
 - vatn 103 km²
Folketal 1 953 (1. januar 2018)
Folketettleik 1 / km²
Norsk målform nøytral
Samisk språk lulesamisk
Ordførar Tor Asgeir Johansen (Ap)
Kommunenr. 1850
NO 1850 Tysfjord.svg
Wikimedia Commons: Tysfjord
Nettstad: www.tysfjord.kommune.no

Administrasjonssentrum i Tysfjord er Kjøpsvik, andre tettstader er Drag, Storjord og Musken.

GeografiEndra

Den 1520 meter over havet høge Bjørntoppen, som ligg inne på høgfjellet aust for folkesetnaden, to kilometer vest for riksgrensa mot Sverige, er høgste fjelltoppen i Tysfjord kommune.

NæringslivEndra

Norcem har ein sementfabrikk i Kjøpsvik, med ca. 130 tilsette. Sementfabrikken vart etablert i 1920, og er basert på kalkstein.

Kultur og utdanningEndra

Árran lulesamiske senterEndra

 
Árran, julevsáme guovdásj, norsk senter for lulesamisk kultur og språk.
Foto: Helge Høifødt, 2012

På Drag ligg det lulesamiske senteret Árran. Senteret har ulike funksjonar innanfor administrasjon og undervisning, det inneheld eit lulesamisk museum og ein lulesamisk barnehage. Det inneheld også ei av Sametinget sine avdelingar, og Universitetet i Nordland sitt arbeid med lulesamisk. Árran arrangerer også kurs i lulesamisk.

UtdanningsinstitusjonarEndra

Tysfjord kommune har tre grunnskolar, i Kjøpsvik, Drag og Storjord. Skolen i Drag er den einaste grunnskolen i Noreg som underviser i lulesamisk språk.

Nabokommunar og geografisk plasseringEndra

Kjende tysfjerdingarEndra

VenskapsbyarEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra